1. hundreåret fvt.
1. hundreåret fvt. varte frå år 100 f.Kr. til 1 f.Kr. Det kom etter 100-talet f.Kr. og blei følgd av det første hundreåret med år 1. Tidsrekninga som byggjer på før og etter Kristi fødsel har ikkje noko år 0.
I løpet av hundreåret kom alle gjenverande sjølvstendige land rundt Middelhavet under romersk kontroll, anten styrt direkte av romarane eller av marionettekongar. Romarstaten gjekk gjennom fleire borgarkrigar som enda med å gjera slutt på den 500 år gamle romerske republikken og skipa Romarriket, leidd av ein keisar.
Viktige hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Jesus, grunnleggjaren av kristendommen, blei fødd mot slutten av hundreåret
- Den romerske borgarkrigen
- Byrjinga på dei tre koreanske kongedøma
Viktige personar
[endre | endre wikiteksten]- Cæsar Augustus, romersk keisar
- Cicero, romersk politikar og forfattar
- Kleopatra VII av Egypt
- Horats, romersk diktar
- Julius Cæsar, romersk politikar
- Livius, romersk historikar
- Lucretius, romersk filosof
- Marcus Antonius, romersk politikar
- Ptolemaios XIII av Egypt
- Ovid, romersk diktar
- Virgil, romersk diktar
- Spartakus, gladiator og slaveopprørar
- Tigranes den store av Armenia