Content-Length: 119960 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/H%C3%A5kon_V_Magnusson

Håkon V av Noreg – Wikipedia Hopp til innhald

Håkon V av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Håkon V Magnusson)
Håkon V av Noreg

Konge av Noreg
Fødd10. april 1270
FødestadTønsberg
Død8. mai 1319
DødsstadTønsberg
GravstadMariakirken i Oslo
Gift medEufemia av Arnstein, Isabelle de Joigny
DynastiSverreætta, Hårfagreætta
FarMagnus Lagabøte
MorIngeborg Eriksdatter
BornIngebjørg Håkonsdatter, Agnes Håkonsdotter
Sigillet til Håkon Magnusson.

Håkon V Magnusson (12708. mai 1319) var konge av Noreg frå 1. november 1299 og til han døydde i 1319. Han er kjend for bygginga av Akershus festning, Båhus festning og Vardøhus festning, og for å ha flytta senteret for kongsmakta i landet frå Bergen til Oslo.[1]

Håkon Magnusson var son av Magnus VI Lagabøte og Ingeborg Eriksdotter. Han var formelt hertug frå 1273, då han var tre år gammal, reelt truleg frå 1284, då han var 14.[1]

Saman med dronning Eufemia av Arnstein fekk han dottera Ingeborg Håkondotter. Utanom ekteskap vart han saman med Gro Sigurdsdotter far til Agnes Håkondotter.[1]

Ingeborg Håkondotter vart gift med den svenske hertugen Erik Magnusson av Södermanland. Med Håkon døydde sverreætta ut på mannssida og Erik og Ingebjørg sin son Magnus Eriksson vart i 1319 konge både i Noreg og Sverige.[2]

Hovudskallane til Kong Håkon V og dronning Eufemia vart overførte til Akershus festning i 1982.[3] Dei er sette i muren under Slottskapellet der.[1]

Regjeringstid

[endre | endre wikiteksten]

Håkon V såg si kongsgjerning i eit kristent perspektiv. Han gav påbod om å laga overnattingsstadar for pilegrimar på veg til Nidaros.

I Mariakyrkja i Oslo fanst eit Håkons-alter,[4] og det vert fortald at kongen heilt til inn i på 1500-talet vart halden for å vera ein helgen.

Håkon Magnusson flytta hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Oslo og bygde dei utanrikspolitiske linene sine austover. Det gjekk mot den lina den tidlegare kongemakta hadde følgd, med sterk satsing på dei nordatlantiske områda i vest for å halde på og sikre «noregsveldet». Då han tok makta etter Eirik II Magnusson sørgde han òg for å fjerne medlemmer frå det tidlegare kongsrådet, mellom anna baron Audun Hugleikson Hestakorn, som vart arrestert like etter kroninga og sidan hengd på Nordnes i Bergen tre år seinare, i 1302.

Der kom Bud for Oslo ind
og ingen Mand dem kjende:
død var hellig Haakon Konning
Sankt Olaf Kongens Frende.
Død var hellig Haakon Konning
og Gud kaldte ham af dage:
han blev ført i Oslo ind,
i Mariekirke lagdes han i Graven.


(Dansk handskrift frå om lag 1560)

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Helle, Knut; Norseng, Per G. (23. august 2023). «Håkon 5. Magnusson». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Opsahl, Erik (23. august 2023). «Magnus 7. Eriksson». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «Akershus slottskirke», Norske kirker (på norsk bokmål), 30. oktober 2016, henta 31. januar 2024 
  4. «Den hellige kong Håkon V Magnusson (1270-1319)», Den katolske kirke (på norsk), henta 31. januar 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Håkon V av Noreg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/H%C3%A5kon_V_Magnusson

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy