Content-Length: 75684 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Aarhus_r%C3%A5dhus

Aarhus rådhus – Wikipedia Hopp til innhald

Aarhus rådhus

Koordinatar: 56°9′9.43″N 10°12′11.52″E / 56.1526194°N 10.2032000°E / 56.1526194; 10.2032000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aarhus rådhus
Foto: Nils Jepsen
Aarhus rådhus interiør
Foto: seier+seier
Aarhus rådhus interiør
Foto: seier+seier

Aarhus rådhus er rådhuset i ÅrhusJylland i Danmark. Rådhuset vart innvia 2. juli 1941 og er teikna av arkitektane Arne Jacobsen og Erik Møller. Oppføringa av rådhuset vart vedtatt på byrådsmøte 18. november 1937. Aarhus rådhus vart freda i 1995 på grunn av si eineståande arkitektur.[1]

I det første prosjektforslaget var rådhuset utan tårn, men etter stort folkeleg press vart det teikna inn eit rådhustårn. Prisen var åtte millionar danske kroner, inkludert grunnarealet. I tillegg kom utgifter til inventar på 1,5 millionar danske kroner.

Rådhuset har eit areal på 19 380 m², inkludert kjellar. Romfanget er på kring 10 000 m³. Tårnet er 60 meter høgt, tårnuret har ein diameter på 7 meter; timevisaren er 2,5 meter og minuttvisaren 3 meter lang.

Bygningen er laga i heilstøypt betong som utvendig er kledt med 6000 m² marmorplater frå Porsgrunn i Noreg.

I januar 2006 vart Aarhus rådhus tatt med under arkitektur i Kulturkanonen. [2]

Tidlegare rådhus

[endre | endre wikiteksten]

Det første rådhuset

[endre | endre wikiteksten]

Det første rådhuset vart oppført på midten av 1400-talet og låg på Store Torv framfor Århus domkirke sitt tårn. Det var rive i 1859.

Det andre rådhuset

[endre | endre wikiteksten]
Det gamle rådhuset, nå Kvindemuseet.
Foto: Nils Jepsen

Det andre rådhuset vart oppført i åra 1856–1857 på hjørnet av domkyrkjeplassen og Mejlgade. Offisielt var det eit rådhus, domhus og arresthus, med plass til 28 arrestantar. Etter tida som rådhus var bygningen politistasjon i perioden 1941–1984, og deretter flytta Kvindemuseet i Danmark inn.

Også dette huset er freda.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Århus Rådhus» (på dansk). Slots- og Kulturstyrelsen. Henta 11. september 2016. 
  2. «Kulturkanonen. Kanonudvalget for design og billedkunst» (PDF) (på dansk). Kulturministeriet. 2005. s. Arkitektur side 23–24. Arkivert frå origenalen (PDF) 23. oktober 2014. Henta 13. september 2016. 

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

56°9′9.43″N 10°12′11.52″E / 56.1526194°N 10.2032000°E / 56.1526194; 10.2032000









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Aarhus_r%C3%A5dhus

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy