Albrecht Unsöld
Albrecht Unsöld | |||
Fødd | 20. april 1905 Bolheim | ||
---|---|---|---|
Død | 23. september 1995 | ||
Nasjonalitet | Tyskland | ||
Yrke | fysikar, astronom, astrofysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Christian-Albrechts-Universität zu Kiel | ||
Alma mater | Universitetet i Tübingen Ludwig-Maximilians-Universität München | ||
Doktorgradsrettleiar | Arnold Sommerfeld | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det bayerske vitskapsakademiet Astronomische Gesellschaft AMV Stochdorphia Tübingen |
Albrecht Otto Johannes Unsöld (20. april 1905–23. september 1995) var ein tysk astrofysikar.
Han vart professor i Kiel i 1932. Han arbeidde med teorien for stjernespekter, stjerneatmosfærer, solfysikk og radioastronomi. Hans Physik der Sternatmosphären (1938, 2. utg. 1955) var i mange år den viktigaste handboka for alle som arbeidde med dei ytre, observerbare delane av sola og stjernene. Mykje utbreidd er òg Der neue Kosmos (3. utg. 1981, 3. eng. utg. 1983).
Han fekk i 1956 Brucemedaljen og i 1967 gullmedaljen til Royal Astronomical Society. Asteroiden 2842 Unsöld er kalla opp etter han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Albrecht Otto Johannes Unsöld. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.