Brest i Frankrike
Brest | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Bretagne Finistère | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 49,51 km² | ||
Flatevidd - By |
49,51 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik - Storbyområde |
149 634 3 022/km² 303 484 | ||
Koordinatar | 48°23′27″N 4°29′8″E / 48.39083°N 4.48556°E | ||
Høgd over havet | 34 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 29019/29200 | ||
Heimeside: Offisiell side med webkamera | |||
Plassering | |||
Brest er ein by i regionen Bretagne nordvest i Frankrike, og prefecture (hovudstad) i departementet Finistère. Byen ligg heilt vest i Bretagne, og er ein viktig hamneby og marinebase. Brest har eit folketal på nesten 150 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 303 484 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det vart bygd festningsverk rundt militærhamna av Vauban (1633–1707). Under den andre verdskrigen hadde tyskarane ein stor ubåtbase i Brest. Byen vart totaltøydelagd under Slaget ved Brest, berre tre bygningar stod igjen, og byen har sidan vorte bygd opp att. Etter krigen var over måtte den vesttyske regjeringa betale fleire milliardar dollar som kompensasjon til dei heimlause og naudlidande innbyggjarane i byen. Den nybygde byen består stort sett av grå granitt- eller betongbygningar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Brest ligg midt i eit dramatisk landskap nær inngangen til Rade de Brest heilt vest i Bretagne.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Luftfoto av heile byen
- Interaktivt kart over Brest Arkivert 2006-06-23 ved Wayback Machine.