Ceraunius Tholus
Ceraunius Tholus (Cerauniuskvelven) er ein vulkan i den nordlege halvkula til Mars, nordaust for Tharsis-fjella.[1] Han er 130 kilometer brei ved foten og når 5,5 kilometer over slettene rundt. Kalderaen på toppen er 25 km på tvers.
Like ved ligg vulkanen Uranius Tholus, og mellom Ceraunius og Uranius Tholus ligg krateret Rahe. Rahe vart danna ved at ein meteoritt slo inn i området med ein skarp vinkel. Ein 3,5 km brei og 300 meter djup dal på sida av Ceraunius Tholus munnar ut i Rahe. I denne munninga er det ei sedimentvifte, og det er mogeleg at vatn i Ceraunius Tholus var med på å danna denne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kart over Tharsis-kvadranten hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature