Content-Length: 126382 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Dave_Murray

Dave Murray – Wikipedia Hopp til innhald

Dave Murray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dave Murray

Dave Murray på scenen i San José 26. februar 2008
Fødd23. desember 1956 (67 år)
FødestadEdmonton i London i England
FødenamnDavid Michael Murray
OpphavStorbritannia
Aktiv1972 til i dag
SjangerHeavy metal, hardrock
InstrumentGitar
Kjende instrumentFender Stratocaster, Gibson Les Paul
Tilknytte artistarIron Maiden, Urchin
PlateselskapEMI
Verka somMusikar, låtskrivar

David Michael «Dave» Murray (fødd 23. desember 1956) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend som ein av dei tidlege medlemmane i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. I lag med bassisten og hovudlåtskrivaren i gruppa, Steve Harris, har Murray vore med på alle albuma til bandet.

Murray voks opp forskjellige stader i London og vart medlem av ein skinhead-gjeng før han vart interessert i rock 15 år gammal og danna sitt eige band, Stone Free, med barndomsvenen Adrian Smith. Då han slutta på skulen 15 år gammal,[1] svarte han ofte på annonsar i Melody Maker før han prøvespelte for Iron Maiden i 1976. Ei kort stund seinare fekk Murray sparken etter ein krangel med vokalisten i bandet, Dennis Wilcock, og var seks månader i bandet til Smith, Urchin. Våren 1978 vart Murray igjen beden om å bli med i Iron Maiden etter at Wilcock hadde slutta, og har vore med i bandet sidan den gongen.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Iron Maiden
Gjesteartist
  1. Wall 2004, s. 40.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dave Murray








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Dave_Murray

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy