Content-Length: 95951 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Elvedelta

Elvedelta – Wikipedia Hopp til innhald

Elvedelta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilde av Gangesdeltaet. (Kjelde: NASA)
Nilen skaper eit tydeleg fruktbart trekantforma område ved munningen. (Kjelde: NASA)

Eit elvedelta, eller berre delta, er eit landområde danna ved munningen av ei elv der elva legg igjen medført slam som dannar ein banke, slik at at elvevatnet renn i fleire mindre og skiftande løp ut mot havet. Delta har fått namn etter den greske bokstaven delta, Δ, fordi dei kan ha same trekantform, men dei finst òg i andre utformingar.

Jorda i eit elvedelta er våt og normalt næringsrik, ettersom næringsstoff i elvevatnet blir felt ut av den seinka vasstraumen. Årlege flaumar gjødsler jorda ved elvebreidda, slik at ein lett kan driva jordbruk her. Fleire sivilisasjonar og tette folkesetnader har oppstått ved elvedelta. Samstundes er deltabuar sårbare for storflaum og endringar i elveløpet. Dike hindrar flaum, men stenger òg av for næringstilføringa.

Profilen av elvedelta har ei karakteristisk oppbygging i tre lag:

  • Topplag
  • Skrålag
  • Botnlag

Kjende elvedelta

[endre | endre wikiteksten]








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Elvedelta

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy