Content-Length: 130919 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/F%C3%A5ngad_av_en_stormvind

Fångad av en stormvind – Wikipedia Hopp til innhald

Fångad av en stormvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fångad av en stormvind»
Singel av Carola Häggkvist
frå albumet Carola Hits

Land Sverige
Språk Svensk
Utgjeve 1991
Sjanger slager
Lengd 3:00
Selskap RCA Records
Komponist Stephan Berg
Tekstforfattar Stephan Berg
Låtskrivar(ar) Stephan Berg
Carola Häggkvist-kronologi 
«All the Reasons to Live»
(1991)
«Fångad av en stormvind» «Stop Tellin' Me Lies»
(1991)


«Fångad av en stormvind» (norsk omsetjing ‘fanga av ein stormvind’) er ein svensk popsong frå 1991 som vann Eurovision Song Contest 1991 for Sverige. Songen blei framført av Carola og er skriven av Stephan Berg. Dette var den tredje sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, og songen gjekk inn på hitlistene i fleire europeiske land. I Noreg låg han ein veke på VG-lista. Dette var fyrste gongen sidan «Hold Me Now» i 1987 at ein Eurovision-vinnar nådde VG-lista.[1][2]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]
«Fångad av en stormvind»
Eurovision Song Contest 1991
Land Sverige
Alias Carola
Språk Svensk
Resultat
Finalepoeng 146
Finaleplass 1
Sverige i Eurovision Song Contest
«Som en vind»
(1990)
«Fångad av en stormvind» «I morgon är en annan dag»
(1992)

For tredje gong deltok Carola i svenske Melodifestivalen, og «Fångad av en stormvind» var ein av ti låtar som deltok i den svenske finalen i Malmö laurdag 31. mars 1991. Der vann ho og songen ein klår siger, og blei det svenske bidraget til Eurovison Song Contest i Roma 4. mai. Dette var andre gongen Carola representerte Sverige; fyrste gongen var i 1983, då ho blei nummer tre med «Främling».

I den internasjonale finalen var «Fångad av en stormvind» det åttande bidraget ut på scena av 22 bidrag. Carola framførte songen med eit forrykande nummer, flankert av to mannlege dansarar, tre støttevokalistar og ein vindmaskin som fekk det til å sjå ut som om Carola stod i nettopp ein stormvind. Dette var fyrste gongen vindmaskin blei brukt i Eurovision Song Contest. Under framføringa til Carola forsvann delar av ljoden i salen, etter sigande fordi vindmaskinen slukte for mykje strøm, slik at ei sikring kortslutta.[3] Men ljoden forsvann ikkje for sjårarane og juryane som følgde tv-sendinga, og Carola fekk difor ikkje framføre songen på nytt.[4][5]

Avrøystinga blei også trøblete for Sverige. Etter ei jamn og spennande avrøysting enda både Sverige og Frankrike på delt fyrsteplass med 146 poeng. For å kåre ein vinnar, talde EBU kor mange toppoeng dei to landa hadde fått. Begge hadde fått fire 12-poengarar, og dimed talte ein 10-poengarane. Sverige hadde fått fem 10-poengere, mens Frankrike berre hadde fått to. Dimed blei Sverige erklært som vinnar. Den norske jurygruppa hadde Frankrike på topp og Sverige på tredjeplass.[6]

Under vinnarreprisen song Carola den engelske versjonen av songen, kalla «Captured by a Lovestorm». Den engelske teksta var skriven av Richard Hampton og blei gjeven ut i Europa.[7] I Noreg og Sverige blei den svenskspråklige versjonen gjeven ut.

Utgjevingar og sal

[endre | endre wikiteksten]

«Fångad av en stormvind» fekk ein moderat kommersiell suksess etter sigeren og tok seg inn på singellistene i fleire land. I Noreg låg han ein veke på VG-lista, på ein sjetteplass.[8] I Sverige nådde han ein tredjeplass på singellista, og han låg ti veker på Svensktoppen.[9][10]

Saman med «Främling» og «Hey Mickey» er «Fångad av en stormvind» ein av dei mest kjende låtane til Carola. Carola deltok i Eurovision Song Contest for tredje gong i 2006, då ho blei nummer fem med «Invincible».

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1991) Tittel Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] «Captured by a Lovestorm» 22 8 9. juni 1991
 Belgia, Flandern (Ultratop 30)[12] «Captured by a Lovestorm» 15 9 1. juni 1991
 Nederland (Single Top 100)[13] «Captured by a Lovestorm» 65 5 8. juni 1991
 Noreg (VG-lista)[1] «Fångad av en stormvind» 6 1 Uke 21 1991
 Sverige (Sverigetopplistan)[9] «Fångad av en stormvind» 3 6 24. april 1991
  1. 1,0 1,1 «VG-lista for 'Fångad av en stormvind'». VG Nett. Henta 24. februar 2017. 
  2. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. Henta 24. februar 2017. 
  3. «Melodifestivalen 1991». svt.se. Henta 24. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 1991». eurovision.tv. Henta 24. februar 2017. 
  5. Hege Bakken Riise (13. mars 2010). «Topp 10 mest minneverdige internasjonale vinnere». NRK.no. Henta 24. februar 2017. 
  6. «Eurovision Song Contest 1991 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 24. februar 2017. 
  7. «Carola (3) ‎– Fångad Av En Stormvind». Discogs.com. Henta 24. februar 2017. 
  8. «VG-lista for 'Fångad av en stormvind'». VG Nett. Henta 24. februar 2017. 
  9. 9,0 9,1 «'Fångad av en stormvind' på svensk singelliste». swedishcharts.com. 
  10. «Svensktoppen 1991». Sveriges Radio. Henta 24. februar 2017. 
  11. «'Captured by a Lovestorm' på østerriksk singelliste». austriancharts.at. Henta 24. februar 2017. 
  12. «'Captured by a Lovestorm' på Ultratop». ultratop.be. Henta 24. februar 2017. 
  13. «'Captured by a Lovestorm' på nederlandsk singelliste». dutchcharts.nl. Henta 24. februar 2017. 








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/F%C3%A5ngad_av_en_stormvind

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy