Gipuzkoa
Gipuzkoa | |||
Guipúzcoa | |||
provins | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Baskarland | ||
Areal | 1 980 km² | ||
Folketal | 726 033 (2021)[1] | ||
Gipuzkoa 43°10′00″N 2°10′00″W / 43.166666666667°N 2.1666666666667°W | |||
Kart som viser Gipuzkoa.
| |||
Wikimedia Commons: Gipuzkoa |
Gipuzkoa[a] (spansk Guipúzcoa) er ein provins nord i Spania i den autonome regionen Baskarland. Han grensar til provinsane Bizkaia og Álava, den autonome regoinen Navarra, provinsen Labourd i det franske departementet Pyrénées-Atlantiques og Biscayabukta.
Provinsen har eit areal på 1 980 km² og er dermed den minste provinsen i Spania. Han har 88 kommunar og omtrent 730 000 innbyggjarar. Ein fjerdedel av desse bur i provinshovudstaden San Sebastián. Andre byar er Irun, Errenteria, Zarautz, Arrasate, Oñati (med eit gammal universitet), Eibar, Tolosa (ein kort periode hovudstad i provinsen), Beasain, Pasaia (den største hamnebyen) og Hondarribia.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Guipúzcoa» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.