Content-Length: 109934 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Hakka

Hakka – Wikipedia Hopp til innhald

Hakka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hakka
客家話 / 客家话, hak-kâ-fa/hak-kâ-va

Hakka

Klassifisering sino-tibetansk
 sinititsk
  kinesisk
   gan–hakka
Talarar Hakkafolk (hankinesarar)
Bruk
Tala i Folkerepublikken Kina, Thailand, Malaysia, Taiwan, Japan, Singapore, Filippinane, Indonesia, Mauritius, Surinam, Sør-Afrika, India og andre land med folk av hakkaætt
Område Aust i Guangdong-provinsen og tilstøytande område i Fujian og Jiangxi i Kina
Hakkatalande i alt 31 millionar (2007)[1][2]
Språkkodar
ISO 639-3 hak

Hakka (tradisjonell kinesisk skrift 客家話, forenkla 客家话, pinyin Kèjiāhuà) er ein av dei mange dialektane eller språka som med eit fellesnamn blir kalla kinesisk. Det store fleirtalet av dei som snakkar dette språket, høyrer til hakkafolket.

Utbreiinga av hakka i Kina og på Taiwan.

Hakka blir tala i Guangdong, Fujian, Jiangxi, Guangxi, Sichuan, Hunan og Guizhou i Kina, i tillegg til mellom anna Sabah i Malaysia, Singapore og Taiwan. Språket er ikkje gjensidig forståeleg med mandarin, wu, sør-min eller andre kinesiske språk. Namnet «hakka» kjem av hak 客 (mandarin ), 'gjest' og ka 家 (mandarin jīa), 'familie'. Blant dei som sjølv snakkar språket, blir det kalla hak-ka-fa/-va 客家語, hak-fa/-va, 客語, tu-gong-dung-fa/-va 土廣東話, eller ngai-fa/-va "亻厓"話 ('språket vårt').

Utbreiing av sinittiske språk

Språkhistorie

[endre | endre wikiteksten]

Hakkaene kom ved forskjellige migrasjonsbølgjer frå det nordlege Kina til dei sørlege områda, som no utgjer kjerneområdet for hakka-folket. Migrasjonane var for det meste utløyste av uro og krigar.[3] Hakkaene kom frå dagens Henan og Shaanxi, og dei tok med seg det kinesiske talemålet som var utbreidd der den gongen. Seinare har talemålet i desse områda utvikla seg til dialektar av moderne mandarinspråk.) Hakka er eit nokså konservativt språk, og det ligg generelt mykje nærare middelalderkinesisk en noko anna moderne kinesisk språk.[4] Ein kan finne mange arkaiske trekk i moderne hakka, som slutt-konsonantane -p -t -k, noko ein òg høyrer i andre moderne sørkinesiske språk, men som er gått tapt i mandarin.

Gjennom folkevandringar kan hakka ha plukka opp element frå dei språka som dei kom i kontakt med undervegs. Ein finn vokabular som hakka har sams med min og hmong-mien.

Ettersom hakkaene kom nordfrå i forskjellige migrasjonsbølgjer, og desse tildels vart nokså spreidde, har hakkaspråket utvikla mange dialektar – i Guangdong, Fujian, Jiangxi, Guangxi, Sichuan, Hunan, Guizhou, Hainan, Taiwan og Singapore.

Den dialekten som blir rekna som standard for språket, er meixianhua, som blir tala Meixian i det indre austlege Guangdong. Det offisielle kinesiske systemet for å skrive hakka med latinske bokstavar (romanisering) vart utvikla i 1960 med utgangspunkt i meixianhua.

  1. Nationalencyklopedin "Världens 100 största språk 2007" The World's 100 Largest Languages in 2007
  2. Chinese, Gan ved ethnologue.com
  3. Hakka Migration
  4. Language

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • David Prager Branner: Problems in Comparative Chinese Dialectology — the Classification of Miin and Hakka. Trends in Linguistics series, no. 123. 2000. Berlin: Mouton de Gruyter. ISBN 31-101-5831-0.
  • Mataro J. Hashimoto: The Hakka Dialect. A linguistic study of Its Phonology, Syntax and Lexicon. University Press, Cambridge 1973. ISBN 0-521-20037-7
  • S. Robert Ramsey: The Languages of China, Princeton University Press, Princeton, N.J. 1987. ISBN 0-691-06694-9









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Hakka

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy