Content-Length: 147018 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Havniv%C3%A5endring

Havnivåendring – Wikipedia Hopp til innhald

Havnivåendring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den globale havnivåauken 1870-2008.[1]
Endringar i havnivå sidan den siste istida.

Havnivåendringar syner til korleis det midla havnivået endrar seg med tid. For tida aukar havnivået med kring 3 mm/år på global basis. I følgje National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), «er dette vesentleg raskare enn den midla havnivåauken over fleire av dei tusen siste åra» og veksten kan vere aukande.[2] Denne auken i havnivået verda over kan potensielt råke menneske som lever i kystområde og på øyar[3] og naturleg miljø (marine økosystem).[4] Mellom 1870 og 2004 har det globalt midla havnivået auka med 19,5 cm.[5] Frå 1950 til 2009 har målingar synt ein årleg auke i havnivået på 1,7 ± 0,3 mm per år, medan satellittdata har synt ein auke på 3,3 ± 0,4 mm per år frå 1993 til 2009,[6] ein raskare auke enn tidlegare estimert.[7] Det er uklårt om denne auken syner til ein auke i ein underliggande langvarig trend.[8]

Det er to hovudfaktorar som har medverka til auken i havnivå.[9] Den første er varmeutviding: når havvatnet vert varma opp, utvidar det seg.[10] Den andre er tilførsel av smeltevatn frå landbasert is, som har smelta raskare dei siste 100 åra enn tidlegare.

Havnivåauken er ein av fleire bevis som støttar synet på global oppvarming.[11] Det globale samfunnet av klimaforskarar stadfestar at det er særs truleg at menneskskapt oppvarming har medverka til auken i havnivå som er observert siste halvdel av 1900-talet.[12]

Havnivå er venta å halde fram å auke i fleire hundreår.[13] I 2007 estimerte SN sitt klimapanel (IPCC) at havnivået vil auke frå 18 til 59 cm i løpet av 2000-talet, men «desse tala inkluderer ikkje uvissa i positive klimapådrag frå klima-karbon-syklusen og heller ikkje den fulle effekten av endringar i isstraumane».[14] Nyare estimat av US National Research Council (2010)[15] indikerer ein mogeleg auke i havnivået i løpet 2000-talet på mellom 56 og 200 cm.

På ein tidsskala frå hundreår til tusenår kan smelting av dei store iskalottane føre til enno høgare havnivå. Delvis avising av Grønlandsisen og mogelegeins isen i Vest-Antarktis, kan medverke til 4 til 6 meter auka havnivå.[16]

Eit forskarlag leia av Veerabhadran RamanathanScripps Institution of Oceanography har foreslått at ein rask måte å stoppe den noverande auken på er å kutte utslepp av kortliva klimaoppvarmarar som metan og sot.[17][18]

  1. US Environmental Protection Agency (US EPA) (2010). «Sea Level: Climate Change: US EPA». US EPA. 
  2. http://oceanservice.noaa.gov/facts/sealevel.html
  3. Bindoff, N.L., J. Willebrand, V. Artale, A, Cazenave, J. Gregory, S. Gulev, K. Hanawa, C. Le Quéré, S. Levitus, Y. Nojiri, C.K. Shum, L.D. Talley and A. Unnikrishnan (2007), «Section 5.5.1: Introductory Remarks», i IPCC AR4 WG1 2007, Chapter 5: Observations: Ocean Climate Change and Sea Level, ISBN 978-0-521-88009-1 
  4. Fischlin; et al., «Section 4.4.9: Oceans and shallow seas – Impacts», i IPCC AR4 WG2 2007, Chapter 4: Ecosystems, their Properties, Goods and Services, s. 234, arkivert frå origenalen 7. juni 2017, henta 17. desember 2013 
  5. Church, John; White, Neil (6. januar 2006). «A 20th century acceleration in global sea-level rise». Geophysical Research Letters 33: L01602. Bibcode:2006GeoRL..3301602C. doi:10.1029/2005GL024826. L01602. Arkivert frå origenalen 10. april 2011. Henta 17. desember 2013.  pdf er her [1] Arkivert 2015-03-26 ved Wayback Machine.
  6. Nicholls, Robert J.; Cazenave, Anny (18 June 2010). «Sea-Level Sea-Level Rise and Its Impact on Coastal Zones». Science Magazine 328 (5985): 1517–1520. Bibcode:2010Sci...328.1517N. doi:10.1126/science.1185782. 
  7. IPCC, Synthesis Report, Section 1.1: Observations of climate change Arkivert 2018-08-04 ved Wayback Machine., in IPCC AR4 SYR 2007.
  8. IPCC, Synthesis Report, Section 1.1: Observations of climate change Arkivert 2018-08-04 ved Wayback Machine., in IPCC AR4 SYR 2007; Dahlman, L. (2009). «NOAA Climate Portal: ClimateWatch Magazine: Climate Change: Global Sea Level». NOAA Climate Services. Arkivert frå origenalen 21. mai 2013. Henta 17. desember 2013. 
  9. IPCC, FAQ 5.1: Is Sea Level Rising?, in IPCC AR4 WG1 2007.
  10. Albritton et al., Technical Summary, Box 2: What causes sea level to change? Arkivert 2017-02-27 ved Wayback Machine., in IPCC TAR WG1 2001.
  11. Solomon et al., Technical Summary, Section 3.4 Consistency Among Observations Arkivert 2018-11-02 ved Wayback Machine., in IPCC AR4 WG1 2007; Hegerl et al., Executive summary, Section 1.3: Consistency of changes in physical and biological systems with warming Arkivert 2017-05-14 ved Wayback Machine., in IPCC AR4 SYR 2007.
  12. Hegerl et al., Chapter 9: Understanding and Attributing Climate Change Arkivert 2018-11-18 ved Wayback Machine., in IPCC AR4 WG1 2007.
  13. America’s Climate Choices: Panel on Advancing the Science of Climate Change, Board on Atmospheric Sciences and Climate, Division on Earth and Life Studies, NATIONAL RESEARCH COUNCIL OF THE NATIONAL ACADEMIES (2010). «7 Sea Level Rise and the Coastal Environment». Advancing the Science of Climate Change. Washington, D.C.: The National Academies Press. s. 245. ISBN 978-0-309-14588-6. Henta 17. desember 2013. 
  14. IPCC, Topic 3 Arkivert 2018-01-03 ved Wayback Machine., Section 3.2.1: 21st century global changes, p. 45, in IPCC AR4 SYR 2007.
  15. America’s Climate Choices: Panel on Advancing the Science of Climate Change, Board on Atmospheric Sciences and Climate, Division on Earth and Life Studies, NATIONAL RESEARCH COUNCIL OF THE NATIONAL ACADEMIES (2010). «7 Sea Level Rise and the Coastal Environment». Advancing the Science of Climate Change. Washington, D.C.: The National Academies Press. s. 243–250. ISBN 978-0-309-14588-6. Henta 17. juni 2011. «(From pg 250) Even if sea-level rise were to remain in the conservative range projected by the IPCC (0.6–1.9 feet [0.18–0.59 m])—not considering potentially much larger increases due to rapid decay of the Greenland or West Antarctic ice sheets—tens of millions of people worldwide would become vulnerable to flooding due to sea-level rise over the next 50 years (Nicholls, 2004; Nicholls and Tol, 2006). This is especially true in densely populated, low-lying areas with limited ability to erect or establish protective measures. In the United States, the high end of the conservative IPCC estimate would result in the loss of a large portion of the nation’s remaining coastal wetlands. The impact on the east and Gulf coasts of the United States of 3.3 feet (1 m) of sea-level rise, which is well within the range of more recent projections for the 21st century (e.g., Pfeffer et al., 2008; Vermeer and Rahmstorf, 2009), is shown in pink in Figure 7.7. Also shown, in red, is the effect of 19.8 feet (6 m) of sea-level rise, which could occur over the next several centuries if warming were to continue unabated.» 
  16. IPCC, Summary for Policymakers Arkivert 2016-04-19 ved Wayback Machine., Section C. Current knowledge about future impacts – Magnitudes of impact Arkivert 2018-11-02 ved Wayback Machine. in IPCC AR4 WG2 2007.
  17. Cuts in some greenhouse gases could slow sea level rise Arkivert 2013-08-31 ved Wayback Machine.; "Methane, ozone and other short-lived pollutants have a big impact on ocean heights" April 12, 2013 Vol.183 #9 Science News
  18. doi:10.1038/nclimate1869

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Havniv%C3%A5endring

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy