Kenny Rogers (21. august1938–20. mars2020) var ein amerikansk songar, komponist og skodespelar. Han vart først kjend som medlem av visegruppa New Christy Minstrels i 1966–1967. Som leiar av kvartetten Kenny Rogers and the First Edition (1967–1974) fekk han store hits med den småpsykedeliske singlen «Just Dropped In (To See What Condition My Condition Was In)» i 1968, countrysongen «Ruby, Don't Take Your Love To Town» i 1969 i tillegg til «Something's Burning» og «Tell It All Brother» i 1970.
Han var soloartist frå 1975 i ein melodiøs og ofte balladeprega stil som hadde røter i countrymusikken, men som appellerte til eit breitt publikum. Rogers hadde over 50 countryhits, og dei største hitane hans på salgslistene for popmusikk var mellom anna «Lucille» (1977), «Don't Fall In Love With A» (1980, duett med Kim Carnes), «We've Got Tonight» (1983, duett med Sheena Easton) og «Islands In The Stream» (1983, duett med Dolly Parton).
Blant dei mest selte albuma til Kenny Rogers er Kenny (1979), Share Your Love (1981), Eyes That See In The Dark (1983) og Once Upon A Christmas (1984; med Dolly Parton). Kenny Rogers har også hatt fleire roller tv-seriar og tv-filmar.