Ovis
Ovis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Stamme: | Caprini |
Slekt: | Ovis Linnaeus, 1758 |
Ovis er ei dyreslekt som omfattar tamsau og ulike villsauar.
Slekta er ein type sosiale kvegdyr som tygg drøv. Dei har tett bygnad og har ofte horn som veks frå kvarandre og krøller seg til ein spiral. Dei har luktkjertlar på fjesa og føtene. Korleis desse verker er ikkje heilt utforska, men verar kan lukta om søyer er klare til å para seg, og markerer territorium ved å leggja lukt på steinar.
Tamsauen høyrer til slekta. Ein trur at han opphavleg stammar frå vill muflon frå Sentral- og Sørvest-Asia.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Taksonomar reknar i dag med at det finst seks artar og talrike underartar. Nokre av desse underartane er også blitt rekna som eigne artar.
Ovis ammon | Argalisau | |
Ovis aries[1] | Sau (tamsau) | |
Ovis orientalis | Muflon | |
Ovis orientalis vignei | Urialsau | |
Ovis canadensis | Tjukkhornsau | |
Ovis dalli | Tynnhornsau | |
Ovis nivicola | Snøsau |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ovis» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bulanskey, S. 1992. The Covenant of the Wild. New York: William Morrow and Company, Inc. ISBN 0-688-09610-7
- Parker, D. 2001. The Sheep Book. Athens, Ohio, USA : Swallow Press / Ohio University Press ISBN 0-8040-1032-3
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Fotnotar