Santiago metropol-regionen
Santiago metropol | |||
region | |||
|
|||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Santiago | ||
Areal | 15 403,2 km² | ||
Folketal | 7 112 808 (2017)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Santiago metropol-regionen 33°26′16″S 70°39′01″W / 33.437777777778°S 70.650277777778°W | |||
Wikimedia Commons: Santiago Metropolitan Region |
Santiago metropol-regionen (spansk Región Metropolitana de Santiago) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile. Han grensar i nord og vest mot Valparaíso-regionen og i sør mot O'Higgins-regionen. I aust grensar han mot Argentina.
Det er einaste administrative region i landet utan kystlinje og inneheld hovudstaden i nasjonen, Santiago. Dei fleste kommersielle og administrative sentra er lokaliserte i regionen, inkludert Chiles viktigaste internasjonale flyplass, Arturo Merino Benítez internasjonale lufthamn.
Med eit areal på 15 403,2 km2 og folkesetnad på over 7 millionar, er det Chiles mest folkesette og tettast folkesette region.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Santiago metropol er einaste landslåste regionen i Chile og ligg i den mellomliggjande Valle Central mellom den chilenske kystserien og Andesfjella. Cerro San Cristóbal dominerer det vidstrekte bybiletet i Santiago i ei høgd av 880 meter over havet med byforstader som jamt og trutt klatrar ved foten av Andesfjella i aust. Tupungato-stratovulkanen, med ein topp på 6 570 moh. på grensa mot Argentina, er ein av Sør-Amerikas høgaste fjelltoppar.
Det dominerande dreneringsbassenget strøymer inn i Maipo-elva med dei viktigaste sideelvane Mapocho, Yeso og Colorado.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censo2017.cl/wp-content/uploads/2017/12/Cantidad-de-Personas-por-Sexo-y-Edad.xlsx; vitjingsdato: 7. januar 2018.
- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Santiago Metropolitan Region» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2023.