Content-Length: 131425 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Sauli_V%C3%A4in%C3%A4m%C3%B6_Niinist%C3%B6

Sauli Väinämö Niinistö – Wikipedia Hopp til innhald

Sauli Väinämö Niinistö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sauli Väinämö Niinistö

Fødd24. august 1948 (76 år)
Salo
Statsborgar avFinland
PartiSamlingspartiet i Finland (28. februar 2012)
Yrkepolitikar, advokat, dommar
Utdanna vedÅbo universitet
EktefelleJenni Haukio, Marja-Leena Alanko
BarnAaro Niinistö
Alle verv
  • Finlands president (2012–2024)
  • Riksdagens talman i Finland (2007–2011)
  • Finlands finansminister (1996–1999)
  • Deputy Prime Minister of Finland (1995–2001)
  • Finlands justisminister (1995–1996)
  • medlem av Finlands riksdag (1987–1999)
  • Finlands finansminister (1999–2003)
  • medlem av Finlands riksdag (1999–2003)
  • medlem av Finlands riksdag (2007–2011)
  • Chairperson of the National Coalition Party (1994–2001)
  • styreleiar (Finlands fotballforbund, 2009–2012)
  • lensmann (Kisko, 1974–1975) Sjå dette på Wikidata

Sauli Väinämö Niinistö (fødd 24. august 1948) er ein finsk jurist, bankdirektør og politikar frå Samlingspartiet. Han var president i Finland frå 1. mars 2012 til 1. mars 2024.[1][2]

Niinistö har tidlegare vore Riksdagens talmann, og president i Finlands fotballforbund. Han har vore justisminister, finansminister og visestatsminister i regjeringane til Paavo Lipponen.[3]

Ved presidentvalet i Finland i 2006 vart Niinistö nummer to med 24,06 % av røystene i første valomgang. I andre valomgang møtte han Finlands sittande president Tarja Halonen. Han fekk då 48,2 % av røystene, mens Halonen fekk 51,8 %. Niinistö stilte på nytt ved presidentvalet i 2012, kom på førsteplass med 37 % av røystene i første runde og gjekk vidare til andre valomgang.[4] I andre valomgang, 5. februar, fekk han 62,6 % av røystene, og vart dermed vald til Finlands neste president.[5]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Niinistö var gift med Marja-Leena Niinistö, som døydde i ei bilulukke i 1995.[6] I januar 2009 gifta han seg med Jenni Haukio.[7]

  1. «Halonen gav över till Niinistö », YLE, 1. mars 2012.
  2. Märta Nummenmaa & Stefanie Lindroos. «Nu är Alexander Stubb Finlands nya president – följ maktskiftet» (på svensk). Yle. Henta 1. mars 2024. 
  3. «Uppgifter om ministern» Arkivert 2013-12-24 ved Wayback Machine., oversikt over regjeringsdeltaking frå Statsrådet.
  4. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.[daud lenkje]
  5. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.[daud lenkje]
  6. «Favoriten och uppstickaren», Svenska Dagbladet, 30. januar 2012.
  7. «Sauli Niinistö gifte sig»[daud lenkje], Vasabladet, 5. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sauli Väinämö Niinistö








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Sauli_V%C3%A4in%C3%A4m%C3%B6_Niinist%C3%B6

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy