Content-Length: 111822 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Teiknspr%C3%A5k

Teiknspråk – Wikipedia Hopp til innhald

Teiknspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demonstrasjon av fransk teiknspråk.
Preservation of the Sign Language (1913)

Teiknspråk er eit gestuelt-visuelt språk. Det vil seie at ein brukar hendene, ansiktsbevegelsar, kroppen og rommet for å teikne meiningar som blir oppfatta gjennom synet. Teiknspråk i verda har utvikla seg naturleg for brukarane etter behov. Mange teikn bygger på forma til det ein beskriv eller bevegelsar ein gjer knytt til bruken av det som blir beskrive. Difor er det lettare å forstå heilt ukjende teiknspåk enn det som vanlegvis gjeld talespråk.

Teiknspråk er morsmål for barn av døve foreldre og fyrstespråk for døve. Det kan også brukast enklare teiknspråk mellom grupper som har ulike talespråk eller i situasjonar der ein ikkje kan tala (til dømes til dykking eller i samband med taletabu).

Det finst internasjonalt teiknspråk, men til dagleg brukar dei fleste teiknspråkbrukarane nasjonale teiknspråk som til dømes norsk teiknspråk eller svensk teiknspråk. Teiknspråk har også dialektar og sosiolektar.

Taktilt teiknspråk er brukt av døvblinde der dei held hendene sine oppå hendene til den som snakkar. Dette for å avlese (avkode) teikna.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Teiknspråk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Teiknspr%C3%A5k

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy