Temporary Secretary
Temporary Secretary Singel av Paul McCartney frå albumet McCartney II | ||
B-side |
«Secret Friend» | |
---|---|---|
Utgjeve | 15. september 1980 | |
Sjanger | Electropop | |
Lengd | 3:13 | |
Selskap | Parlophone/EMI | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«Waterfalls» (1980) |
Temporary Secretary | «Ebony and Ivory» (1982)
|
«Temporary Secretary» er ein song av Paul McCartney frå 1980 på albumet hans McCartney II. I 2013 rangerte Rolling Stone songen som den 36. beste McCartney-songen etter Beatles og kalla det ein «kultfavoritt» og «ein merkeleg, fengande electropop-gullkorn, om ein noko tvilsam fyr som prøver å hyre ein vikarierande sekretær».[1] I 2014 vart «Temporary Secretary» rangert som den 167. beste songen gjennom tidene av kritikarane i magasinet NME. Dei skildra han som «ustabil electropop som høyrdest like mykje ut som han var føre si tid som han var utdatert.»[2]
«Temporary Secretary» kom ut som den tredje singelen frå albumet, og berre på 12-tommar, i lag med den ti minuttar lange «Secret Friend» som B-sida. Singelen var avgrensa til 25 000 eksemplar, og gjekk derfor ikkje inn på lista nokon stad.[3] Songen vart først framført på scenen tretti år seinare i O2 Arena i London den 23. mai 2015.[4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- 12"-singel (12 R 6039)
- «Temporary Secretary» — 3:13
- «Secret Friend» — 10:30
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- 2005 — Den meksikanske gruppa Los Fancy Free på albumet Out of Place
- 2011 — Det tyske jentebandet Damenkapelle på albumet Damenkapelle (aus München).
- 2015 — Darkstar og Hayden Thorpe (frå Wild Beasts[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Temporary Secretary» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Paul's 40 Greatest Solo Songs». Special Collector's Edition: Paul McCartney. Rolling Stone. 2013. s. 91.
- ↑ «The 500 Greatest Songs Of All Time 200-101». NME.com. 31. januar 2014. Henta 22. mai 2018.
- ↑ «Temporary Secretary». JPGR. 2000. Henta 25. september 2013.
- ↑ «Watch Dave Grohl act like a teenager as he joins Paul McCartney onstage». Mashable. 25. mai 2015. Henta 22. mai 2018.
- ↑ På Soundcloud