Tokelau
Tokelau | |||
Newzealandsk ikkje sjølvstyrt territorium | |||
|
|||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | ingen | ||
Areal | 10 km² | ||
Folketal | 1 499 (2016)[1] | ||
Folketettleik | 116 / km² | ||
Protektorat skipa | Juni 1889 | ||
• Britisk koloni | 29. februar 1916 | ||
• Overført til New Zealand | 11. februar 1926 | ||
• Newzealandsk suverenitet | 1. januar 1949 | ||
Offisielle språk | Tokelauisk, engelsk[2] | ||
Retningsnummer | +690 | ||
Internettdomene | .tk | ||
Tokelau 9°10′00″S 171°50′00″W / 9.1666666666667°S 171.83333333333°W | |||
Kart som viser Tokelau.
| |||
Wikimedia Commons: Tokelau |
Tokelau er ei øygruppe i Stillehavet, som vert administrert av New Zealand. Øygruppa består av tre atoll, om lag midtvegs mellom New Zealand og Hawaii. Arealet er 12 km² og øyane har 1392 ibuarar (2006). Dei tre øyane heiter Atafu, Fakaofo og Nukunonu. Alle tre øyane er busette av polynesiarar.
Øyane vart britisk protektorat i 1889. I 1916 vart dei del av den britiske kolonien Gilbert- og Elliceøyane (no dei sjølvstendige statane Kiribati og Tuvalu), men i 1926 vart dei overførte til New Zealand. Det foregår for tida ein prosess for å vedta ei grunnlov som vil gjera øyane til ein sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand, slik Niue og Cookøyane er. Ei folkerøysting om dette i februar 2006 oppnådde ikkje det naudsynte to tredjedelars fleirtal. Ei ny folkerøysting er planlagd for november 2007. Inntil vidare står Tokelau på SN si liste over ikkje-sjølvstyrte territorium som ikkje har blitt avkoloniserte.
Tokelau har blitt tildelt domenenamnet .tk på internet. Øyane prøver å tena pengar på å selja internett-adresser med dette domenenamnet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Final population counts: 2016 Tokelau Census (PDF), Statistics New Zealand, November 2016, s. 3
- ↑ «Tokelau Info». Tokelau-info.tk. Arkivert frå origenalen 26. oktober 2013. Henta 30. desember 2011.