Vitskap i 1852
Utsjånad
Vitskapsår |
1850 | 1851 | 1852 | 1853 |1854 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1852 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1852.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 1. oktober – Det britiske patentkontoret (Patent Office) blei grunnlagt, då nye patentlover tredde i kraft. Under den gamle ordninga hadde 13 561 patent (kongelege privilegiebrev) blitt innvilga mellom 1617 og 1852. På dei påfølgjande 25 åra blir det registrert 84 114 patent.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Copleymedaljen: Alexander von Humboldt, tysk naturforskar og forskingsreisande.
- Royal Astronomical Societys gullmedalje: Christian August Friedrich Peters, tysk astronom.
- Rumfordmedaljen: George Gabriel Stokes, irsk matematikar og fysikar.
- Wollastonmedaljen: William Henry Fitton, irsk geolog.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 2. juli - William Burnside, engelsk matematikar (død 1927).
- 9. september - John Henry Poynting, britisk fysikar (død 1914).
- 2. oktober - William Ramsay, britisk kjemikar og nobelprisvinnar (død 1916).
- 15. desember - Henri Becquerel, fransk fysikar (død 1908).
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 5. januar - Louis Braille, fransk oppfinnar (fødd 1809).
- 15. august - Johan Gadolin, finsk kjemikar (fødd 1760).
- 11. oktober - Ferdinand Eisenstein, tysk matematikar (fødd 1823).
- 10. november - Gideon Mantell, britisk lege, geolog og paleontolog (fødd 1790).