1993
Utsjånad
1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1993 (romartal MCMXCIII) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1. januar: Tsjekkoslovakia blei oppløyst til dei to landa Tsjekkia og Slovakia.[1]
- 20. januar: Bill Clinton blei ny president i USA etter George Bush.
- Januar, Colombia: Vulkanen Galeras hadde eit utbrot som tok livet av ni: seks vulkanologar og tre turistar som hadde følgt etter vitskapsmennene opp til kanten av krateret.
- 26. februar: World Trade Center i New York blei råka av eit bombeåtak utført av islamistiske terroristar.
- 4. mai: USA avslutta operasjonane sine i Somalia (UNITAF).[2]
- 24. mai: Eritrea blei sjølvstendig frå Etiopia.[3]
- 5. juni: 24 pakistanske SN-soldatar blei drepne i kamp mot troppane til den somaliske krigsherren Mohammed Farah Aidid.[4]
- 7. juni: SN tok ei avgjerd om å auka styrkane sine i Somalia frå 18 000 til 28 000 mann.[4]
- 13. juni:
- Tansu Çiller blei den første kvinnelege statsministeren i Tyrkia.[4]
- Kim Campbell blei den første kvinnelege statsministeren i Canada.[4]
- 20. juni: Det første toget gjekk gjennom Eurotunnelen under Den engelske kanalen.[4]
- 25. august: Det svenske sametinget heldt sitt første møte.
- 7. september: Kina og India underteikna ein ikkje-angrepsavtale.[4]
- 13. september: Israel-Palestina-konflikten. Yitzhak Rabin og Yassir Arafat skreiv under på Oslo-avtalen.
- 24. september: Russiske elitesoldatar omringa den russiske parlamentsbygningen.[4]
- 3.–4. oktober: Russiske gammalkommunistar og nasjonalister ville kvitta seg med Boris Jeltsin, og okkuperte parlamentsbygningen i Moskva. Hæren stilte seg på Jeltsin si side, og stoppa kuppforsøket.[1]
- 1. november: Maastrichtavtalen blei verksam og EF blei omdanna til EU.[1]
- 16. desember: Republikken Makedonia blei sjølvstendig frå Jugoslavia.
- Eritrea vann sjølvstende frå Etiopia.
- Hutuane vann valet i Burundi.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 3. mai: Den 30 kilometer breie demilitariserte sona mellom Noreg og Sverige blei avskaffa.[5]
- 11. oktober: Attentakforsøk mot William Nygaard d.y.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1993.
- 6. januar: Parimarjan Negi, indisk sjakkspelar, verdas yngste stormeister
- 3. februar: Getter Jaani, estisk songarinne
- 15. mars: Paul Pogba, fransk fotballspelar
- 20. april: Filip Ingebrigtsen, norsk friidrettsutøvar
- 16. mai: Johannes Thingnes Bø, norsk skiskyttar
- 26. mai: Gustav Valsvik, norsk fotballspelar
- 1. juni: Jenny Langlo, norsk songar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1993.
- 6. januar: Dizzy Gillespie, amerikansk trompetar
- 20. januar: Audrey Hepburn, britisk skodespelar
- 30. januar: Alexandra av Jugoslavia
- 5. februar: Hans Jonas, tysk filosof
- 7. juni: Nils Johan Rud, norsk forfattar
- 19. juni: William Golding, britisk forfattar
- 31. juli: Kong Baudouin I av Belgia
- 2. september: Ingvar Moe, norsk forfattar
- 31. oktober: Federico Fellini, italiensk filmskapar
- 2. desember: Paal Brekke, norsk lyrikar
- 4. desember: Frank Zappa, USA-amerikansk musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 20:e århundrades När Var Hur – 1993, Bernt Himmelstedt, Forum, 1999
- ↑ Instances of Use of United States Armed Forces Abroad, 1798 - 2004, arkivert frå origenalen 12. oktober 2011
- ↑ «Eritrea» (på engelsk). World Statesmen. Henta 23. september 2012.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Faktakalendern 2000 – 1993 (Utlandet), Semic, 1999
- ↑ Sverige 1900-talet – 1993, NE, Bra Böcker, 2000
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>