Hirsch Glik
Hirsch Glik | |
Minnesmerke over jødiske partisanar i Bat Yam med eit sitat av Glik. | |
Statsborgarskap | Litauen, Sovjetunionen, Polen |
Fødd | 24. april 1922 Vilnius |
Død |
1944 (22 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Medlem av | Fareynigte Partizaner Organizatsye |
Hirsch Glik på Commons |
Hirsch Glik (24. april 1922–1. januar 1944) var ein jiddischspråkleg diktar.
Glik var fødd i Vilnius i daverande Polen. Alt tidleg i ungdomstida skreiv han dikt. Etter at Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen, vart Glik arrestert av tyskarane og ført til konsentrasjonsleiren Waisse Wake og sidan til ghettoen i Vilnius. Der slutta han seg til partisanrørsla, og tok i 1942 del i ein oppstand i ghettoen. Han skreiv òg heile tida dikt og songtekstar, mellom dei den namngjetne partisansongen på jiddisch «Zóg nit kein mól», og «Shtil, di nakht iz oysgeshternt», som òg handlar om jødiske partisanar.
Glik skal ha vorte teken til fange av tyskarane i 1943 og ført til ein konsentrasjonsleir i Estland. Han skal så ha greidd å rømme frå leiren og ut i skogane i 1944, men skal så ha falle kort tid seinare i kamp mot tyske styrkar.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Lutz van Dijk: Der Partisan. Med eit etterord av Esther Bejarano «Poesie als Waffe»? Førsteutgåva frå Alibaba Verlag, Frankfurt/M 1991: C. Bertelsmann Jugendbuchverlag, nytt opplag utgitt i München 2002. ISBN 3-570-30049-8
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hirsch Glik» frå Wikipedia på tysk, den 4. november 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar av Hirsch Glik ved ulrich-greve.eu