Vevar
- For fuglegruppa, sjå vevarar.
Vevar er ei yrkesnemning for ein person som driv med veving ved hjelp av ein vev eller vevstol.
Historie
endreI det gamle nordiske agrarsamfunnet var veving tradisjonelt eit kvinnearbeid, men det blei gradvis gjort om til ein hovudsakleg mannleg profesjon i byane løpet av mellomalderen og tidleg moderne tid.[1] Ein har ofte sett saman utviklinga av vevarprofesjonen med utviklinga av ein ny vevstol som avløyste oppstadveven,[2] men utviklinga var samansett.[3]
Ein av dei eldste nordiske vevarane ein kjenner til er ei Mette Weuersk, som var medlem av Skt. Gertrudsgildet i Flensborg 1432-36.[4] Deretter kjenner ein til eit medlem af St. Lucii gilde i Roskilde i 1483, og frå 1500 og seinare kjenner ein til vevarar i København. I Noreg er vevarar omtala i byloven for Bergen, men først frå 1570 kjenner ein til namngjevne vevarar i byen.[5] I Sverige er vevarar omtalte i Stockholm stads skattebok for 1517,[6] og i Finland er finlandssvenskar kjende som vevarar (wandtmacher, wandtmakare) som på hertug Johan si tid arbeidde i krona si teneste på Åbo slott.[7]
Vevarar i kulturen
endreYrket har gjeve opphav til etternamn på fleire språk, som dansk Væver, engelsk Weaver, Webber, Webster[8] og Webb[9], tysk Weber og fransk Tisserand og Tisserant. Personnamnet Penelope er gresk for vevar, og sogepersonen Penelope frå Odysseen var kjend for vevinga si.
Kjelder
endre- ↑ Jacobsen 1983, s. 9-11.
- ↑ Hoffmann, sp. 679
- ↑ Øye 2016.
- ↑ Søgaard, sp. 680
- ↑ Hoffmann, sp. 679
- ↑ Granlund, sp. 680
- ↑ Kaukonen, sp. 680
- ↑ Hanks, Patrick; Richard Coates; Peter McClure (2016), «Webster», The Oxford Dictionary of Family Names in Britain and Ireland, Oxford University Press
- ↑ Hanks, Patrick; Richard Coates; Peter McClure (2016), «Webb», The Oxford Dictionary of Family Names in Britain and Ireland, Oxford University Press
- Denne artikkelen bygger på «Væver» frå Wikipedia på dansk, den 18. mai 2017.
Bibliografi
endre- Henning Bender: Aalborgs industrielle udvikling fra 1735 til 1940; C.W.Obel Aktieselskab, Aalborg 1987; ISBN 87-982523-1-3
- John Granlund: "Vever. Sverige" (i KLNM, bind 19, sp. 680)
- Jacobsen, Grethe (1983), «Kvinders arbejde i det danske bysamfund 1400-1550», Kvinnearbeid i Norden fra vikingtiden til reformasjonen, Universitetet i Bergen
- Marta Hoffmann: "Vever" (i KLNM, bind 19, sp. 679)
- Marta Hoffmann: "Vevstol" (i KLNM, bind 19, sp. 681f)
- Ole Hyldtoft: Københavns Industrialisering 1840-1914. Faser i den industrielle udvikling; Herning, Systime, 1984.
- Toini-Inkeri Kaukonen: "Vever. Finland" (i KLNM, bind 19, sp. 680)
- Helge Søgaard: "Vever. Danmark" (i KLNM, bind 19, sp. 679f)
- Øye, Ingvild (2016), «When did weaving become a male profession?», Danish Journal Of Archaeology 5