Hiroshi Yamauchi
Utsjånad
Hiroshi Yamauchi | |
Statsborgarskap | Japan, Keiserriket Japan |
Fødd | 7. november 1927 Kyoto |
Død |
19. september 2013 (85 år) |
Yrke | gründer |
Hiroshi Yamauchi (山内 溥 ) (7. november 1927–19. september 2013) var ein japansk forretningsmann. Han var den tredje presidenten i Nintendo og var med i selskapet i 1949 fram til han gjekk av 31. mai 2002 for å bli etterfølgd av Satoru Iwata.[1]
Yamauchi er kjend for å ha endra Nintendo frå eit lite selskap som laga hanafuda-kort til ein multi-milliardær fleirnasjonal produsent av dataspel.
Yamauchi var i mars 2012 den tolvte rikaste personen i Japan og den 491. rikaste i verda, med ein formue på om lag 2,5 milliardar USD,
Då han døydde var han den andre største aksjeeigaren i Nintendo.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hiroshi Yamauchi» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2013.
- ↑ «Nintendo legend Hiroshi Yamauchi dies aged 85». Eurogamer.net. Henta 19. september 2013.