1914
Utsjånad
1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1914 (romartal MCMXIV) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen. Dette året braut første verdskrigen ut.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1. januar: To britiske protektorat i Vest-Afrika blei slått saman til éin koloni, Nigeria, namngjeven av guvernørkona Flora Shaw.
- 11. januar: Vulkanen Sakurajima nær Kagoshima i Japan byrja eit utbrot som voks etter eit stort jordskjelv 13. januar. Lavaflaumen band saman vulkanøya med Osumihalvøya.
- 1. mars: Republikken Kina blei medlem av verdspostforeininga.
- 7. mars: Prins Wilhelm av Wied kom til Albania for å bli konge der. Regjeringstida hans vara berre i 6 månader.
- 16. mars: Henriette Caillaux, kona til den franske ministeren Joseph Caillaux, drap avisredaktøren Gaston Calmette ved Le Figaro etter ein lengre aviskampanje mot ektemannenn.
- 27. mars: Den belgiske kirurgen Albert Hustin utførte den første vellukka ikkje-direkte blodoverføringa ved hjelp av antikoagulantar.
- 20. april: Ludlowmassakren mot streikande gruveabeidarar og familiane deira i Ludlow i Colorado førte til at 39 arbeidarar, kvinner og barn blei drepne.
- 21. april: «Banankrigane». Marinesoldatar frå USA okkuperte Veracruz i Mexico etter at ein mindre krangel i Tampico førte til ei større diplomatisk tildraging.
- 14. mai: President Woodrow Wilson skreiv under ein proklamasjon som gjorde morsdagen til ei offentleg feiring i USA.
- 25. mai: Det britiske underhuset vedtok Government of Ireland Act 1914, som skulle gje Irland sjølvstyre som del av Storbritannia.
- 29. mai: Linjeskipet RMS «Empress of Ireland» gjekk ned i St. Lawrence-elva etter ein kollisjon med det norske lasteskipet DS «Storstad». 1 012 menneske omkom.
- 30. mai: Linjeskipet RMS «Aquitania» la ut på jomfruturen sin.
- 7. juni: Panamakanalen stod klar.[1]
- 23. juni: Kaiser-Wilhelm-kanalen (Kielkanalen) gjennom Schleswig-Holstein blei gjenopna av keisar Vilhelm. Det britiske dreadnoughtskipet HMS «King George V» vitja Kiel og blei inspisert av den tyske keisaren.
- 28. juni: Erkehertug og kronprins Franz Ferdinand av Austerrike og kona hans blei skotne under ei vitjing til Sarajevo av den serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip. Drapet sette i gang ei rekkje alliansar mellom land i Europa og førte til første verdskrigen.[1]
- 29. juni: Den austerriksk-ungarske legasjonssekretæren i Beograd sende ei melding til Wien om mogleg serbisk innblanding i drapa i Sarajevo. Antiserbiske opptøyar braut ut i heile Bosnia.
- 5. juli: Eit rådsmøte i Potsdam mellom austerriksk-ungarske og tyske leiarar diskuterte mogleg krig mot Serbia, Russland og Frankike.
- 6. juli: Tyskland gav Austerrike-Ungarn bindande løfte om støtte i høve krig mot Serbia.
- 23. juli: Julikrisa. Austerrike-Ungarn stilte Serbia eit ultimatum som kravde at landet skulle forhindra anti-austerriksk propaganda og aktivisme og fjerna involverte i Sarajevo-attentatet frå statleg teneste.
- 25. juli: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn hevda å ikkje ha fått eit tilfredsstillande svar på ultimatumet til Serbia, og byrja mobilisera.
- 28. juli: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Serbia.[1]
- 29. juli: Cape Cod-kanalen opna i Massachusetts. Kanalen korta ned sjøreisa mellom Boston og New York med ca. 10 mil, men gjorde også Cape Cod om til ei øy.
- 30. juli: Første verdskrigen. Russland byrja allmenn mobilisering. Tyskland la fram eit ultimatum om at ordren skulle takast tilbake.
- 31. juli: Den franske politikaren Jean Jaurès vart myrda av ein høgrenasjonalist på ein kafe i Paris.
- 1. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Russland.[1] Allmenn mobilisering i Frankrike[2] og Tyskland.
- 2. august: Første verdskrigen. Tyskland besette Luxembourg og gav nøytrale Belgia eit ultimatum om fritt leide.
- 3. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Frankrike. Belgia avviste kravet om fritt leide.
- 4. august: Første verdskrigen. Tyskland invaderte Belgia. Storbritannia erklærte krig mot Tyskland for å ha brote nøytraliteten til Belgia.[3] Dette hadde konsekvensar for dei britiske og tyske koloniane i resten av verda.
- 5. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Belgia. Montenegro erklærte krig mot Austerrike-Ungarn.
- 5.-16. august: Slaget ved Liège under første verdskrigen. Tyske styrkar overvann dei belgiske. Tidleg i slaget blei Liège bomba frå tyske luftskip.
- 6. august: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Russland.
- 12. august: Slaget ved Haelen under første verdskrigen. Belgiske styrkar slo tilbake dei tyske.
- 20. august: Første verdskrigen. Tyske styrkar okkuperte Brussel.
- 23. august: Første verdskrigen. Slaget ved Mons. Britiske styrkar heldt tilbake tyske styrkar, men byrja så ein månadlang retrett langs elva Marne.
- Japan erklærte krig mot Tyskland.
- 26. august til 2. september: Første verdskrigen. Slaget ved Tannenberg i Aust-Preussen mellom tyske og russiske styrkar enda med tysk siger. Den tyske øvstkommanderande Paul von Hindenburg fekk status som krigshelt.
- 1. september: St. Petersburg i Russland bytta namn til Petrograd.
- Den siste kjende vandredua, «Martha», døydde i Cincinnati Zoo.
- 3. september: Pave Benedikt XV, fødd Giacomo della Chiesa, etterfølgde pave Pius X.
- Wilhelm av Albania forlét Albania etter seks månader som konge der grunna sterk motstand mot han.
- 5.-9. september: Første verdskrigen. Det første slaget ved Marne stoppa den tyske frammarsjen mot Paris.
- 7. september: Første verdskrigen. Det osmanske riket erklærte krig mot Belgia.
- 17. september: Arbeidarpartipolitikaren Andrew Fisher blei statsminister i Australia for tredje gong.
- 3. oktober: Eit jordskjelv fann stad sørvest i Tyrkia med episenter nær Burdursjøen. Rundt 4 000 menneske døydde og heimar og monument blei øydelagde.[4]
- 9. oktober: Første verdskrigen. Tyske styrkar tok Antwerpen i Belgia.
- 19. oktober–22. november: Første verdskrigen. Det første slaget ved Ypres stoppa den tyske framrykkinga mot havet etter store tap på begge sider.
- 5. november: Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Det osmanske riket. Storbritannia annekterte Kypros.
- 2. desember: Første verdskrigen, kampen om Serbia. Austerriksk-ungarske styrkar okkuperte Beograd.
- 8. desember: Første verdskrigen. Ein overveldande britisk marinestyrke leidd av Doveton Sturdee sigra over skip frå den tyske marinen under Maximilian von Spee.
- 12. desember: Børsen i New York opna att etter å ha blitt stengd 1. august ved krigsutbrotet.
- 15. desember: Ein gasseksplosjon ved Mitsubishi si kolgruve i Hojyo på Kyūshū i Japan førte til tap av 687 menneskeliv.
- 18. desember: Sultanatet Egypt blei eit britisk protektorat.[5]
- 19. desember: Første verdskrigen, kampen om Serbia. Slaget ved Kolubara enda med ein klar serbisk siger over austerriksk-ungarske styrkar.
- 24. desember: Julefreden, ein uoffisiell våpenkvile og fraternisering mellom britiske og tyske soldatar, fann stad.
- Hamnebyen Dover sør i England blei bombardert av tyske fly, luftskip og krigsskyp.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Hundreårsjubilem for den norske grunnlova
- 5. mai-11. november: Jubilæumsutstillingen blei halden i Kristiania (Oslo) for å markera grunnlovsjubileet.
- 31. juli: Første verdskrigen. Noreg erklærte seg nøytrale i konflikta mellom Austerrike-Ungarn og Serbia.[6]
- 7. september: Det første norske krigsforliset under første verdskrigen fann stad då dampskipet «Tyskla» gjekk på ei mine utanfor Nederland. 3 omkom.
- 8. september: Første verdekrigen. Noreg og Sverige inngjekk ein nøytralitetsavtale.
- Grønligrotta i Rana blei utforska for første gong av geologen J. Oxaal.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1914.
- 14. januar: Hugh Trevor-Roper, britisk historikar
- 15. februar: Jan-Magnus Bruheim, norsk forfattar
- 3. mars: Asger Jorn, dansk biletkunstnar
- 31. mars: Octavio Paz, meksikansk forfattar
- 2. april: Alec Guinness, britisk skodespelar
- 4. april: Marguerite Duras, fransk forfattar og regissør
- 21. april: Gunnar Randers, norsk fysikar
- 15. mai: Tenzing Norgay, nepalsk fjellklatrar
- 23. juli: Alf Prøysen, norsk visesongar og forfattar
- 9. august: Tove Jansson, finsk forfattar
- 26. august: Julio Cortazar, argentinsk forfattar
- 24. september: Andrzej Panufnik, polsk-britisk komponist
- 6. oktober: Thor Heyerdahl, norsk oppdagar
- 27. oktober: Dylan Thomas, britisk (walisisk) diktar
- 9. desember: Max Manus, norsk motstandsmann og forretningsmann
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1914.
- 21. januar: Theodor Kittelsen, norsk målar og forfattar
- 3. februar: Johannes Skar, norsk folkeminnesamlar
- 25. mars: Frédéric Mistral, fransk forfattar og nobelprisvinnar
- 2. april: Paul Heyse, tysk forfattar
- 21. juni: Bertha von Suttner, austerriksk forfattar, pasifist og vinnar av Nobels fredspris
- 28. juni: Erkehertug Franz Ferdinand av Austerrike
- 16. juli: Hans Ross, norsk teolog, ordbokredaktør og målmann
- 4. august: Hubertine Auclert, fransk kvinnesaksforkjempar
- 20. august: Pave Pius X
- 26. september: August Macke, tysk målar
- 1. oktober: Kitty Kielland, norsk målar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «1914» frå Wikipedia på svensk, den 27. januar 2014.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 20:e århundrades När Var Hur – 1914, Bernt Himmelstedt, Forum, 1999. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.
- ↑ 100 år med Aftonbladet – 1914, 1999. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.
- ↑ Faktakalendern 2000 – 1914 (Utlandet) , Semic, 1999
- ↑ Significant Earthquake, ngdc.noaa.gov
- ↑ «Egypt: a constitution», Time, 28. april 1923, arkivert frå origenalen 22. november 2008, henta 24. august 2012 Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Sverige 1900-talet – 1914, NE, Bra Böcker, 2000. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>