Dalane-Suldallinja er ei 1,1 km lang sambandslinje på Sørlandsbanen i Kristiansand. Linja vart bygd for at tog som berre skal passere Kristiansand skal sleppe å køyre innom Kristiansand stasjon, som ligg i enden av eit buttspor. Linja er ein-spora og vart opna for mellombels trafikk til Kristiansand-Audnedal i 1943. «Urlauber-tog» for Deutsche Wehrmacht vart kjørt frå 15. mai 1943 (kalla «anleggstog»), medan det vart opna for reisande og reisegods frå november 1943. Det var mellombels trafikk til Sira frå 17. desember 1943. Ordinær drift var i gang frå 1. mars 1944.
Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. s. 248. ISBN82-90286-28-7. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)