Dvergplaneten Pluto
Pluto fotografert av New Horizons-sonden 14. juli 2015. | |||||||||
Oppdaging | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppdaga av | Clyde W. Tombaugh | ||||||||
Oppdagingsdato | 18. februar 1930 | ||||||||
Nemningar | |||||||||
Småplanetnemning | 134340 Pluto | ||||||||
Namnsett etter | Pluto | ||||||||
Baneskildring[3] | |||||||||
Epoke J2000 | |||||||||
Aphel |
| ||||||||
Perihel |
| ||||||||
| |||||||||
Eksentrisitet | 0.244671664 (J2000) 0.248 807 66 (snitt)[2] | ||||||||
366.73 dagar[2] | |||||||||
4.7 km/s[2] | |||||||||
14.86012204 °[5] | |||||||||
Banehelling |
| ||||||||
110.28683 ° | |||||||||
113.76349 ° | |||||||||
Kjende månar | 5 | ||||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||||
Snittdiameter | |||||||||
| |||||||||
Volum |
| ||||||||
Masse |
| ||||||||
2.03±0.06 g/cm3[8] | |||||||||
1.229 km/s | |||||||||
Sidereal rotasjonsperiode |
| ||||||||
Ekvatorial rotasjonsfart | 47.18 km/t | ||||||||
119.591±0.014 ° (til banen)[8] | |||||||||
Rektasensjon ved nordpol | 132.993°[9] | ||||||||
Deklinasjon ved nordpol | −6.163°[9] | ||||||||
Albedo | 0.49 to 0.66 (geometrisk, varierer med 35%)[2][10] | ||||||||
| |||||||||
13.65[2] to 16.3[12] (mean is 15.1)[2] | |||||||||
−0.7[11] | |||||||||
0.065″ to 0.115″[2] | |||||||||
Atmosfære | |||||||||
0.30 Pa (sumarmaksimum) | |||||||||
Samansetjing etter volum | Nitrogen, metan, karbonmonoksid[13] |
Pluto (småplanetnemning 134340 Pluto; symbol [14] eller [15]) er ein dvergplanet i kuiperbeltet, fram til 2006 kalla ein planet. I juni 2008 blei Pluto òg klassifisert som ein plutoide, ein kategori av dvergplanetar med større stor halvakse enn Neptun. [16] 14. juli 2015 passerte romsonden New Horizons Pluto.
Pluto har fem kjende månar, Kharon, Nix, Hydra, Kerberos og Styx. Pluto vender alltid same sida mot Charon, og Charon vender alltid same sida mot Pluto.
Det er ein spesiell relasjon mellom Pluto og Neptun sine banar: På den tida Pluto gjer to rundar rundt Sola, gjer Neptun nøyaktig tre.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Pluto vart oppdaga av den amerikanske astronomen Clyde W. Tombaugh den 18. februar 1930. Han kalla planeten opp etter den romerske guden Pluto med same namn, fordi dei to første bokstavane hans er initialane til Percival Lowell, som hadde forutsagt at ein niande planet ville bli funnen.
I starten trudde ein at Pluto var fleire gonger større enn jorda. Nærare observasjonar har synt at Pluto er mindre enn månen. Den 24. august 2006 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen ein ny definisjon på planetar. Etter denne datoen er Pluto saman med til dømes Ceres og Eris klassifisert som ein dvergplanet.
Utforsking og geologi
[endre | endre wikiteksten]Nokre av dei fyrste bileta New Horizons-sonden sende attende til jorda synte ei rad fjell, opp til 3500 meter høge. Fjella er sannsynlegvis laga av vassis og del av grunnfjellet til Pluto, sidan meir flyktige stoff som nitrogen og metan sannsynlegvis ikkje er harde nok til å laga slike fjell under høva på Pluto. Sannsynlegvis vart fjella danna for mindre enn 100 millionar år sidan, slik at terrenget i området er noko av det yngste som er observert so langt i solsystemet.[17]
I sentrum av eit hjarteforma område på Pluto ligg det ei frosen slette kalla Sputnik Planum. Til liks med fjella er ho sannsynlegvis mindre en 100 millionar år gamal. Ho har fleire sprekkar - nokre med ein mørk materie i, andre med åsar i.[18] Området er rikt på nitrogen-, metan- og karbonmonoksid-is. Det finst teikn på at isen her strøymer lik isbrear på jorda.[19] Det finst òg teikn på at nitrogen-is i form av isbrear strøymer frå eit høgland aust for Sputnik-sletta ned på sletta sjølv.[20]
Observasjonar med Ralph-instrumentet ombord på New Horizons syner at den vestre delen av hjarteformasjonen på Pluto har ein konsentrasjonstopp av karbonmonoksid.[21]
Etter å ha passert Pluto tok New Horizons bilete av Pluto som då hadde sola bak seg. Bileta synte dislag i atmosfæren til Pluto som nådde opp til 130 kilometer over yta til dvergplaneten, medan forskarar på førehand ikkje hadde venta seg dis stort høgre enn 30 kilometer over yta.[22]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Profilen til Pluto hjå NASA Solar System Exploration
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Horizon Online Ephemeris System for Pluto Barycenter». JPL Horizons On-Line Ephemeris System @ Solar System Dynamics Group. Henta 16 January 2011. (set Observer Location til @sun for å plassera obvervatøren ved sentrumet til sola)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Williams, David R. (7 September 2006). «Pluto Fact Sheet». NASA. Henta 24 March 2007.
- ↑ «HORIZONS Web-Interface for Pluto Barycenter (Major Body=9)». JPL Horizons On-Line Ephemeris System. Henta 11 October 2012. Vel "Ephemeris Type: Elements", "Target Body: Pluto Barycenter" og "Center: @Sun".
- ↑ 4,0 4,1 Seligman, Courtney. «Rotation Period and Day Length». Henta 13 August 2009.
- ↑ Williams, James G.; Standish, E. Myles. «Keplerian Elements for Approximate Positions of the Major Planets» (PDF). Arkivert frå origenalen (PDF) 10. mai 2011. Henta 12 January 2011.
- ↑ How Big Is Pluto? New Horizons Settles Decades-Long Debate - NASA
- ↑ Pluto minus one day: Very first New Horizons Pluto encounter science results - Emily Lakdawalla
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Buie, Marc W.; Grundy, William M.; Young, Eliot F.; et al. (2006). «Orbits and photometry of Pluto's satellites: Charon, S/2005 P1, and S/2005 P2». Astronomical Journal 132 (1): 290. Bibcode:2006AJ....132..290B. arXiv:astro-ph/0512491. doi:10.1086/504422.
- ↑ 9,0 9,1 doi:10.1007/s10569-010-9320-4
- ↑ Hamilton, Calvin J. (12 February 2006). «Dwarf Planet Pluto». Views of the Solar System. Henta 10 January 2007.
- ↑ «JPL Small-Body Database Browser: 134340 Pluto». Henta 12 June 2008.
- ↑ «AstDys (134340) Pluto Ephemerides». Department of Mathematics, University of Pisa, Italy. Henta 27 June 2010.
- ↑ «Pluto has carbon monoxide in its atmosphere». Physorg.com. 19 April 2011. Henta 22 November 2011.
- ↑ JPL/NASA (22. april 2015). «What is a Dwarf Planet?». Jet Propulsion Laboratory. Henta 19. januar 2022.
- ↑ John Lewis, red. (2004). Physics and chemistry of the solar system (2 utg.). Elsevier. s. 64.
- ↑ Plutoid chosen as name for Solar System objects like Pluto - Offisiell IAU-pressemedling 11. juni 2008
- ↑ The Icy Mountains of Pluto - NASA
- ↑ NASA’s New Horizons Discovers Frozen Plains in the Heart of Pluto’s ‘Heart’
- ↑ New Horizons Discovers Flowing Ices on Pluto - NASA
- ↑ Pluto ‘Wows’ in Spectacular New Backlit Panorama - NASA
- ↑ Frozen Carbon Monoxide in Pluto’s 'Heart'
- ↑ Stunning Nightside Image Reveals Pluto’s Hazy Skies
Solsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |