Gregorio Allegri
Gregorio Allegri | |
Statsborgarskap | Kyrkjestaten |
Fødd | 1582 Roma |
Død |
17. februar 1652 (70 år) |
Yrke | komponist, prest, kantor, songar |
Språk | italiensk |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Gregorio Allegri på Commons |
Gregorio Allegri (1582–17. februar 1652) var ein italiensk komponist og tenorsongar knytt til seinrenessansen og tidleg barokk.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Allegri var fødd i Roma. Han var korgut ved San Luigi de Francesci frå 1591, og elev av Giovanni Maria Nanino. Frå 1607 til 1621 var Gregorio kapellmeister ved domkyrkja i Fermo, og frå 1629 songar i det pavelege orkesteret under pave Urban VIII.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Allegri komponerte messer, motettar, eit Te Deum, eit Magnificat og ei firstemmig strykarsonate.
Den best kjende av komposisjonane hans er den nistemmige Miserere, som toneset Salme 51 i Bibelen. Stykket blei endra og utvida mange gonger i løpet av livet hans, og fekk ein segnomspunnen status. Det blei berre framført Det sixtinske kapellet under den stille veka, og var forbode å kopiera. I 1770 kom fjortenårige Mozart til Roma, høyrde stykket to gonger og skreiv det ned etter minnet, og ein engelsk musikkhistorikar gav det ut i London. Etterkvart blei kopieringsforbodet heva, og fleire seinare komponistar, som Felix Mendelssohn og Franz Liszt, transkriberte verket.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Gregorio_Allegri» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Gregorio Allegri» frå Wikipedia på bokmål, den 17. august 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Gregorio Allegri» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2011.