Interlaken
Interlaken | |||
---|---|---|---|
Interlaken sett ovanfrå | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Bern | ||
Distrikt | Interlaken-Oberhasli | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Urs Graf | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
4,4 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
5 429 1 233,9 /km² | ||
Koordinatar | 46°41′0″N 7°51′0″E / 46.68333°N 7.85000°E | ||
Høgd over havet | 568 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3800 | ||
Nettstad: www.interlaken-gemeinde.ch |
Interlaken er ein kommune i distriktet Interlaken-Oberhasli i kantonen i Bern i Sveits. Kommunen har 5 429 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4 km². Han er ein kjend turistdestinasjon i Berner Oberland. Interlaken ligg mellom Brienzersee i aust og Thunsjøen i vest i eit område kalla Bödeli. Latinske inter lacus tyder «mellom sjøar». Elva Aare renn gjennom byen mellom innsjøane.
Byen er mellom dei mest populære stadene i Sveits for turistar. Byen har to jernbanestasjonar. Stasjonen Interlaken Ost er eit av endepunkta til Jungfraubanen opp til Jungfraujoch.
I tidlegare tider var Interlaken særleg viktig på grunn av eit augustinarkloster. Klosteret vart bygd i 1130 og stod fram til 1528.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Webkamera
- Interlaken (kommune) på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.