Content-Length: 99213 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Jomfrut%C3%A5rnet_i_Baku

Jomfrutårnet i Baku – Wikipedia Hopp til innhald

Jomfrutårnet i Baku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jomfrutårnet
tårn
Jomfrutårnet.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land  Aserbajdsjan
Del av Gamlebyen i Baku, Walled City of Baku with the Shirvanshahs' Palace and Maiden Tower
By Baku
Koordinatar 40°21′58.20″N 49°50′14.10″E / 40.3661667°N 49.8372500°E / 40.3661667; 49.8372500
Verdsarvstad
Namn Gamlebyen i Baku med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet
År 2000 (#24)
Nummer 958
Region Europa og Nord-Amerika
Kriterium Kultur
IUCN-kategori IV - Habitat
Kart
Jomfrutårnet i Baku
40°21′58″N 49°50′14″E / 40.366166666667°N 49.83725°E / 40.366166666667; 49.83725
Wikimedia Commons: Maiden Tower, Baku

Jomfrutårnet (aserbajdsjansk Qız Qalası) eller lokalt kalla Giz Galasi ligg i Gamlebyen i Baku i Aserbajdsjan er eit gammalt tårn som til forskjellige tider har vore tilknytt parsistar, sassanidane, arabar, persarar, sjirvansjahane, osmanarane og russarane. Tårnet vart bygd på 1100-talet, som ein del av bymuren kring Baku, og i lag med Sjirvansjahpalasset, som er datert til 1400-talet, er det skrive inn på verdsarvlista til UNESCO for historiske monument. Steintårnet vert rekna som eit av dei mest særprega nasjonalsymbola til Aserbajdsjan, og er avbilda på aserbajdsjanske pengesetlar.[1][2]

Jomfrutårnet husar eit museum som presenterer den historiske utviklinga til byen Baku. Her er òg ein suvenirbutikk. Frå toppen av tårnet har ein utsyn over dei smale gatene og minaretane i Gamlebyen, bulevarden i Baku, De Gaulle-huset og Bakubukta. I nyare år har fyrfatet på toppen vorte fyrt opp på kveldane under novruz-høgtida.[2]

Då vassnivået i Kaspihavet fall, oppstod det ei landstripe som vart utbygd mellom 800- og 1400-talet, tida då bymurane i gamlebyen, palasset, inkludert den store bastionen med Jomfrutårnet vart bygd.[3]

  1. «Walled City of Baku with the Shirvanshah's Palace and Maiden Tower». Unesco.org. Henta November 25, 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Baku (Azerbaijan); Evaluation Report» (pdf). Unesco.org. Henta 15. april 2012. 
  3. Blair, Sheila (1992). The monumental inscriptions from early Islamic Iran and Transoxiana. BRILL. s. 155. ISBN 9004093672. Henta November 27, 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Jomfrut%C3%A5rnet_i_Baku

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy