Kristian Brenden
Kristian Brenden | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. juni 1976 (48 år) Lillehammer kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1998 |
Kristian Brenden (fødd 12. juni 1976) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Vinstra. Han deltok i 77 verdscuprenn. På dei 77 tevlingane vart det til saman to sigrar, to andreplassar og fire tredjepassar. Han har vunne to NM-gull, ein sølv og ein bronse. Brenden tevla for Tormod Skilag.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Brenden var fullstendig ukjend for det norske idrettspublikum då han i 1996 vart noregsmeister i Bjørkelibakken i Stryn. Han vann rennet med stor margin til Arve Vorvik og endå meir til bronsevinnaren Roar Ljøkelsøy.
Dei største sesongane for Brenden var 1997 og 1998. På forsesongen 1996/97 imponerte han stort, mellom anna vann han det eine verdscuprennet på Lillehammer, og vart nummer to i det andre. I det første rennet i den tysk-austerrikske hoppveka vart han nummer to, berre 0,4 poeng bak vinnaren Dieter Thoma. Samanlagt vart han nummer 11 i hoppveka og beste nordmann. Seinare i sesongen måtte han ta til takke med plasseringar eit stykke nede på listene. Året etter, 1998, fekk han sin andre siger i verdscupen, og både gull og sølv frå noregsmeisterskapane.
Under verdsmeisterskapen 1997 i Trondheim var Brenden på det norske laget som vart nummer fem i laghoppinga. Også i dei to neste meisterskapane var han på hopplaget. Under vinter-OL 1998 i Nagano vart det 4. plass, og under VM 1999 i Ramsau vart hopplaget nummer 6. Brenden var beste nordmann i normalbakken i OL 1998 med ein 8. plass, i den store bakken vart han nummer 13. Under VM 1999 vart han nummer 14 og 17 i dei to individuelle hopprenna.
Ulykke med paraglidar
[endre | endre wikiteksten]Sommaren 1999 vart Brenden alvorleg skadd då han krasjlanda med paraglidar. Han kom frå ulykka utan varige mein. Skihopparen Brenden nådde derimot ikkje tilbake til sitt best nivå, og la i 2002 opp som aktiv skihoppar.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1996: Nr 24 i Iron Mountain (debut)
- 1996/97: Siger på Lillehammer, to andreplassar (Lillehammer og Oberstdorf) og ein tredjeplass (Harrachov)
- 1998: Siger i Zakopane og tre tredjeplassar; Oberstdorf og Lahti (2). Nr 8 i normal bakke under vinter-OL
- 1998/99: To fjerdeplassar: Lillehammer og Planica
- 2001: Nr 20 i Harrachov (skiflyging)
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1996: Gullmedalje i normalbakken i Stryn
- Ski-NM 1997: Nr 11 i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 1998: Gullmedalje i storbakken i Meldal og sølvmedalje i normalbakken i Trondheim
- Ski-NM 1999: Nr 5 i normalbakken på Raufoss
- Ski-NM 2000: Nr 8 i storbakken i Meldal
- Ski-NM 2001: Bronsemedalje i storbakken i Trondheim
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristian Brenden i fis-ski.com
- Kristian Brenden i olympedia.org