Content-Length: 105964 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Louis_Mountbatten

Louis Mountbatten – Wikipedia Hopp til innhald

Louis Mountbatten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis Mountbatten

Fødd25. juni 1900
Windsor Castle
Død27. august 1979
Mullaghmore
TittelGeneralguvernører og visekonger av India, Medlem av Det kongelige råd, medlem av Overhuset, Storbritannias forsvarssjef, First Sea Lord, Lord Lieutenant of the Isle of Wight, Governor of the Isle of Wight
Alle titlarEarl Mountbatten of Burma, Baron Romsey, Viscount Mountbatten of Burma
Hus eller slektMountbatten
GravstadRomsey Abbey
LandStorbritannia
MorViktoria von Hessen-Darmstadt
FarLouis Mountbatten, 1. marki av Milford Haven
EktefelleEdwina Mountbatten
BarnPamela Hicks, Patricia Knatchbull
MedlemRoyal Society

Louis Francis Albert Victor Nicholas Mountbatten, 1. jarl Mountbatten av Burma, opphavleg prins Louis av Battenberg, (25. juni 190027. august 1979) var ein britisk admiral og statsmann av tysk opphav. Han var den siste visekongen av India (1947) og den fyrste generalguvernøren i Unionen India (1947–1948), som det moderne India oppstod frå i 1950. Frå 1954 til 1959 var han leiar for den britiske marinen som First Sea Lord, ei stilling far hans, prins Ludwig av Battenberg, hadde hatt i perioden 1912–1914. Mountbatten blei drepen i eit IRA-attentat i 1979 medan han var på fisketur utanfor irskekysten i nærleiken av byen Sligo.

Louis Mountbatten blei fødd på Windsor Castle som prins Louis av Battenberg, son av prins Ludwig av Battenberg og prinsesse Viktoria av Hessen-Darmstadt. Ludwig av Battenberg var son av prins Alexander av Hessen-Darmstadt (1823−1888) og grevinne Julia von Hauke (1825−1895), som var gift i morganatisk ekteskap. Etterkommarane deira fekk derfor tittelen prins/prinsesse av Battenberg, etter ein småby i Hessen. Battenberg er altså ei morganatisk linje av huset Hessen. Familien Battenberg endra skrivemåten av namnet sitt til det meir engelskklingande Mountbatten i 1917, i samband med første verdskrigen. Louis av Battenberg var oldebarn av dronning Victoria av Storbritannia gjennom mor si.

Lord Mountbatten var bror til Alice av Battenberg, og dermed også onkel til sonen hennar Philip, hertug av Edinburgh. Då Philip gifta seg med prinsesse Elizabeth av Storbritannia, tok han etternamnet Mountbatten.

I byrjinga av andre verdskrigen leidde han den dristige evakueringa av allierte soldatar frå Namsos.[1]

  1. Henry Buckton (2017) Retreat : Dunkirk and the Evacuation of Western Europe. Amberley Publishing Limited








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Louis_Mountbatten

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy