Maarten Stekelenburg
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 22. september 1982 | ||
Fødestad | Haarlem | ||
Høgd | 197 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Roma | ||
Nummer | 24 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Zandvoort '75 VV Schoten | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2002-11 2011- |
Ajax Roma |
191 (0) 0 (0) | |
Landslag | |||
2004- | Nederland | 40 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. mai 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2010 |
Maarten Stekelenburg (fødd 22. september 1982) er ein nederlandsk fotballspelar. Stekelenburg har spela som keeper for Roma i italiensk Serie A og det nederlandske landslaget. Han vart fødd i Haarlem i Noord-Holland.
Klubbkarriere
[endre | endre wikiteksten]Stekelenburg begynte å spela fotball i amatørklubbane Zandvoort '75 og VV Schoten, før han gjekk til Ajax som 15-åring. Han debuterte for A-laget til Ajax 11. august 2002, men var i tida framover relativt ofte skada. I 2005/06-sesongen vart han Ajax sin førstekeeper.
I mars 2009 mista han plassen som førstekeeper på Ajax til Kenneth Vermeer, ut 2008/09-sesongen, men i 2009/10-sesongen var han igjen Ajax sin førstekeeper.
Faren hans er nederlandsk, men moren er russer.
Landslagskarriere
[endre | endre wikiteksten]Stekelenburg debuterte for Nederland sitt landslag i ein 3-0-siger over Liechtenstein 3. september 2004. Under fotball-VM i 2006 og fotball-EM i 2008 var han andrekeeper, etter Edwin van der Sar. Han fekk éin kamp i EM i 2008. Då Van der Sar la opp på landslaget, vart Stekelenburg Nederland sin nye førstekeeper. I ein vennskapskamp mot Australia i september 2008 vart Stekelenburg den første nederlandske keeperen som har vorte utvist i ein landskamp, då han fekk raudt kort etter 44 minutt.