Content-Length: 90118 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Maria_Mena

Maria Mena – Wikipedia Hopp til innhald

Maria Mena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Mena

Maria Mena på Stavernfestivalen i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd1986-02-1919. februar 1986 (38 år)
FødestadOslo[1]
FødenamnMaria Victoria Mena
OpphavNoreg
FarCharles Mena
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist, Edvard-prisen

Maria Viktoria Mena (fødd 19. februar 1986) er ein norsk songar og låtskrivar. Ho er dotter av den amerikanske trommeslagaren Charles Mena.[1]

Maria Mena i 2006.
Foto: Jarle Vines

Mena debuterte med singelen «My Lullaby» i mars 2002, som kom inn på femte plass på Topp 20. Låten fekk òg høg rotasjon på NRK P1, P3, P4, Radio 1 og Radio Oslo. Songaren Mena blei populær både i Noreg og i andre land, særleg Nederland, Sveits og Tyskland.[1] I 2004 var ho gjest på The Late Show with David Letterman i USA.[2]

I 2005 gav Mena ut albumet Apparently Unaffected, som fekk svært gode kritikkar. Plata førte til tre spellemannsnominasjonar; beste kvinnelege artist, beste låt og beste musikkvideo – dei to siste for fyrstesingelen «Miss You Love». Under Spellemannprisen 2008 vann ho endeleg ein spellemann, og det i klassen beste kvinnelege artist for plata Cause and Effect. I 2012 hadde albumet seld til platina.[3] Ho fekk Edvard-prisen for 2012 i klassen populærmusikk for albumet Viktoria.

I 2010 hadde ho suksess med songen «Home For Christmas» som ho laga til filmen Hjem til jul. Etter terroråtaka 22. juli 2011 vekte tolkinga hennar av «Mitt lille land» gjenklang, og Mena framførte songen under ein minneseremoni i Oslo domkyrkje.[4]

Maria Mena skriv gjerne tekstar om personlege opplevingar, som skilsmålet til foreldra i «My Lullaby».[1]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Another Phase (2002) #9 i Storbritannia, #6 i Noreg
  • Mellow (2004) #1 i Storbritannia, #7 i Noreg
  • White Turns Blue (2004) #102 i USA
  • Apparently Unaffected (2005) #6 i Noreg
  • Cause and Effect (2008)
  • Viktoria (2011)
  • Weapon in Mind (2013)
  • «Free» (2002)
  • «My Lullaby» (2002) #5 Norway
  • «You're The Only One» (2004) #1 Danmark, #8 Noreg, #8 i Chile
  • «Miss You Love» (2005)
  • «Just Hold Me» (2005)
  • «All this time» (2008)
  • «Nevermind Me» (2008)
  • «Belly Up» (2008)
  • «I'm In Love» (2009)
  • «Home for Christmas» (2010)
  • «This Too Shall Pass» (2011)
  • «Homeless» (2011)
  • «Viktoria» (2012)
  • «Fuck You» (2013)
  • «I Always Liked That» (2013)
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bergan, Jon Vidar. «Maria Mena» (12. desember 2014). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 6. mai 2015.
  2. Joar Hoel Larsen og Wilhelm Andreas Eilertsen (21.07.2004). «Se Maria Mena på «Late Show»». NRK.no. Henta 6. september 2006. 
  3. IFPI. Søkeord "Maria Mena". «IFPI». Henta 13. juli 2013. 
  4. «bio», mariamena.no. Henta 6. mai 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Maria_Mena

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy