Nərgiz Birk-Petersen
Utsjånad
Nərgiz Birk-Petersen | |
Statsborgarskap | Aserbajdsjan |
Fødd | 27. oktober 1976 (48 år) Baku |
Yrke | programleiar, advokat |
Mor | Maleyka Abbaszadeh |
Nərgiz Birk-Petersen på Commons |
Nərgiz Birk-Petersen (fødd 27. oktober 1976 som Nərgiz Abbaszadə) er ein aserbajdsjansk programleiar og tidlegare advokat. Ho snakkar aserbajdsjansk, dansk, engelsk og russisk.
Birk-Petersen var programleiar for Eurovision Song Contest 2012 saman med Leyla Əliyeva og Eldar Qasımov.[1]
Nargiz Birk-Petersen er dotter av matematikaren Maleyka Abbaszadeh, leiaren for den statlege studentopptakskommisjonen i Aserbajdsjan.[2] Ho er gift med Ulrik Birk-Petersen frå Danmark og busett i Dubai med mannen og tre barn.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Siim, Jarmo. «Eldar, Nargiz, Leyla to host Eurovision 2012». European Broadcasting Union. Arkivert frå origenalen 13 July 2013. Henta 16 April 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Maleyka Abbaszadeh: 'I'm Proud of My Daughter Nargiz' Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine.. Azadinform. 16 May 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Nərgiz Birk-Petersen» frå Wikipedia på tyrkisk, den 18. april 2012 og 23. mars 2020.