Content-Length: 151390 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Tamil_Nadu

Tamil Nadu – Wikipedia Hopp til innhald

Tamil Nadu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamil Nadu
delstat
Annamalaiyar-tempelet i Thiruvannamalai
Symbol
Forkorting: IN-TN
Land  India
Del av Sør-India
Hovudstad Chennai
Areal 130 058 km²
Folketal 72 147 030 (2011)[1]
Grunnlagd 1. november 1956
Språk tamil
Kart
Tamil Nadu
11°N 79°E / 11°N 79°E / 11; 79
Kart som viser Tamil Nadu.
Kart som viser Tamil Nadu.
Kart som viser Tamil Nadu.
Wikimedia Commons: Tamil Nadu

Tamil Nadu (tamil தமிழ் நாடு tamiḷ nāḍu, ‘tamillandet’) er ein delstat lengst sør i India. Som namnet viser var delstaten laga for å bli heimlandet til alle tamilar i India. Som andre indiske delstatar har Tamil Nadu sitt eige parlament og ein stor grad av sjølvstyre over indre politikk.

Sjå òg Tamilar.
Eit religiøst opptog i Tamil Nadu rundt 1940.

Dei tamiltalande områda var ikkje ein del av dei store indiske rika det meste av tida. Dei blei første inkluderte i India i den britiske tida, då alle britiske eigedommar i sør-India blei samla i ein delstat i Britisk India. Delstaten vart kalla Madras-presidensi etter Madras (moderne namn Chennai) som var hovudbyen. Madras-presidensiet inkludert nesten alle av dei tradisjonelle tamilske områda i India, men også delar av moderne Andhra Pradesh, Karnataka, og Kerala.

Tamil Nadu blei danna etter det indiske sjølvstendet av dei tamiltamiltalande delane av Madras-presidensi. Delstaten heitte 'Madras' inntil 1968, då namnet vart endra til Tamil Nadu. På tamil er det vanlegare å bruka det tradisjonelle namnet «Tamilakam» som tyder ‘tamilheim’. Det er også vanleg å kalla den lokale staten «Tamil arasu» (‘den tamilske staten’) i staden for det offisielle «Tamil natu arasu» (‘staten til Tamil Nadu’).

Tamilparlamentet har 234 medlemmer, som er valde for ein 4-årsperiode med majoritetsrøysting. I tråd med Westminister-modellen blir staten styrt av ein sjefminister, som er regjeringssjefen, og andre ministrar, som alle må vera medlemmer av tamilparlamentet. Tamil Nadu sender også 39 medlemmer til det indiske parlamentet, som også blir valde med direkte majoritetsrøysting i 39 valkrinsar. Tamilar er veldig stolte av språket og kulturen sin, og tamilpolitikk har veldig mykje å gjera med språk- og kulturpolitikk. Tamil Nadu har som følgje av dette sine eigne politiske parti som dominerer over tamilpolitikk, medan indiske politiske parti nesten ikkje har spelt nokon rolle sidan 1967.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tamil Nadu








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Tamil_Nadu

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy