Seksualitet
Seksualitet viser til kjønnsleg forplanting og det som knyter seg til dette, det vil seia både det reint fysiologiske og medisinske rundt kjønnsdrift og kjønnsleg omgang (sex), men òg kjensler og ulike moralske og sosiale spørsmål som har med dette å gjera. Studie av seksualitet — som ofte blir kalla sexologi — kan dermed ha samband med mellom anna biologi, psykologi, sosiologi og teologi.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Seksualitet har opphav i forplantinga. Kjønnsdrifta er ein pådrivar for å få dyr av alle slag til å prøva å para seg og spreia genene sine. Men menneska, til forskjell frå mange andre dyr, har utvikla ei sterk drift som ikkje alltid har samband med forplanting. Menneske har samleie også når dei ikkje kan unnfanga liv; og også dei som er infertile har seksualdrift.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]På den andre sida er seksualitet likevel blitt dyrka nettopp som ein del av det å skapa nytt liv. Seksuelle symbol, som fallosar og ulike framstillingar av kvinnelege kjønnsorgan, er blitt laga og tilbedne med håp om å få betre grøde både blant plantar, dyr og menneske.
Samfunna har òg sett opp reglar for korleis ein skal handsama seksualitet. Det finst ei rekke ulike tabu og reglar som seier kvar, korleis og med kven ein kan ha sex, og korleis det kan skildrast. Endringar i desse normene kan føra til store kulturkonfliktar, til dømes rundt prostitusjon og pornografi.