Afrikaans
Afrikaans er eit språk som først og fremst blir tala av dei kvite boerane i Sør-Afrika. Dei er etterkommarar etter innvandrarar som kom frå Nederland via Java på 1600-talet. Språket afrikaans byggjer derfor i grunnen på nederlandsk, og blir mellom anna kjenneteikna av ein delvis forenkla grammatikk og ein del språklån frå malayisk, afrikanske språk, portugisisk og andre språk.
I 1991 vart afrikaans tala av om lag 6 200 000 menneske i Sør-Afrika. Av desse var 100 000 tospråklege, med engelsk som andrespråk. Dessutan vart afrikaans da tala som andrespråk av 4 millionar sørafrikanarar. Afrikaans sin del av folket låg midt på 1990-talet på 15 prosent.
Afrikaans blir òg tala av mindre grupper av innbyggjarar i Australia, Botswana, Canada, Lesotho, Malawi, Namibia, New Zealand, Zambia og Zimbabwe.
Grammatikk
Afrikaans er eit analytisk språk, det mest analytiske av alle indo-europeiske språk.
Fonologi
Morfologi
Verb
Infinitiv og presens er alltid homonym, med unntak av verbet wees «å vere», som har presensforma is, og verbet hê «å ha», som er het i presens. Verba kongruerer ikkje med subjektet. Som i mange tyske dialektar har preteritum vorte erstatta av perfektumsforma. «Eg brekk» er ek breek, men «eg brakk» er ek het gebreek. Futurum har ikkje noko separat form, men blir uttrykt med hjelpeverbet sal «skal», ek sal kom, «Eg blir å komme».
Substantiv
Afrikaans har ikkje grammatisk genus. Numerus blir markert med suffiks, enten -e eller -s. Afrikaanse substantiv blir ikkje bøygd i kasus. Afrikans uttrykkjer bestemtheit med hjelp av determinativane die (bestemt) og n (ubestemt).
Adjektiv
Når adjektiv står foran substantiv i bestemt form, får dei langt til eit suffiks -e, og i ein del tilfelle skjer det også fonologiske endringar i stammen.
Pronomen
Syntaks
Afrikaans syntaks minner mykje om syntaksen i nederlandsk. Afrikaans er eit V2-språk og eit SOV-språk, jf. Hy is siek vs. Ek weet dat hy siek is.