Den autonome regionen Tibet
- For det historiske landet Tibet, sjå Tibet.
Tibet | |||
西藏 བོད་ | |||
autonom region | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Lhasa | ||
Areal | 1 228 400 km² | ||
Folketal | 3 180 000 (2014) | ||
Den autonome regionen Tibet 31°42′20″N 86°56′25″E / 31.705556°N 86.940278°E | |||
Kart over regionen Tibet i Kina. Dei gråe områda vert gjort krav på av både Kina og India.
| |||
Wikimedia Commons: Tibet Autonomous Region |
Den autonome regionen Tibet[a] (TAR) er ein region i Folkerepublikken Kina, skipa i 1965. Området er omstritt, ettersom Kina og India ikkje er samde om kvar grensene for regionen går. I tillegg kjempar mange tibetanarar, leidde av den fjortande Dalai Lama for sjølvstende for Tibet etter dei historiske grensene. Desse omfattar mykje av Qinghai, delar av Gansu, den vestlege halvdelen av Sichuan og det nordvestlege Yunnan i tillegg til regionen Tibet.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Den autonome regionen Tibet grensar til Xinjiang i nord, Qinghai i nordaust, Yunnan og Sichuan i aust, India i vest og sør, Nepal og Bhutan i sør og Myanmar i søraust. Hovudstaden er Lhasa, både etter tibetansk og kinesisk syn.
Regionen omfattar eit område på 1 228 400 km2 og har om lag 3,7 millionar innbyggjarar. Han har med det lågast folketal av alle dei kinesiske provinsane og regionane. Mykje av grunnen til dette er barskt og ulendt terreng; då regionen har ei gjennomsnittshøgd på 4000 moh. Styreleiar for regionen er Padma Choling.
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Regionen er inndelt i 7 prefektureiningar:
Desse sju er inndelt i til saman 73 fylke, og fylka er inndelt i til saman 692 kommunar; anten bykommunar, kommunar, etniske kommunar eller subdistrikt.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ forenkla kinesisk 西藏自治区, pinyin Xīzàng Zìzhìqū, tibetansk བོད་རང་སྐྱོང་ལྗོངས། (Wylie Bod-rang-skyong-ljongs) • Berre Tibet : forenkla kinesisk 西藏, pinyin Xīzàng, tibetansk བོད་ (Wylie Bod).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Den autonome region Tibet» frå Wikipedia på bokmål, og «Tibet Autonomous Region» frå Wikipedia på engelsk den 16. mars 2011.