Hopp til innhald

Hadza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. august 2005 kl. 23:16 av Trondtr (diskusjon | bidrag) (Isolat eller ikkje?)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Hadza er eit språk som blir snakka i Tanzania av omtrent 200 talarar.

Genetisk klassifisering

Den genetiske klassifiseringa av hadza er omstridd. Joseph Greenberg (1976) meiner hadza, i lag med sandawe, er khoisan-språk. Han kjem til denne konklusjonen på basis av eit relativt lite sett av delte etymologiar, og fonologisk likskap (alle desse språka har t.d. klikk-lydar). I seg sjølv er denne teorien plausibel, dei språka som skil hadza og sandawe frå (dei sørlege) khoisan-språka i Kalahari er bantuspråk for folk som har vandra inn i området nordfra for under 1000 år sidan.

Grammatikk

Leksikon

Hadza er eit språk med grammatisk genus. Substantiv høyrer til eitt av to genus, maskulinum og femininum. Genus er markert på kongruerande ord, men også på substantiva sjølv. På same måten som t.d. [spansk språk|spansk]] er ein del av genussystemet i hadza farierande, ordet k//aʔano "hund" er maskulin når det tyder "hannhund", eller "hund, uavhengig av kjønn", med det er feminin (med suffisk -ko) for å vise til tispe. For eit susbstantiv der utgangsgenus er feminin, blir tilhøvet mellom dei to genera omvendt, doŋgo-ko er feminin, og kan tyde både "ei sebrahoppe" og "ein sebra", mens doŋgo berre kan tyde "ein hannhund".

I hadza er substantiv som viser til menneske av begge kjønn enten maskulinum eller femininum, mens substantiv som viser til kvinner er feminine, og omvendt. Ord for kjøttetande dyr er maskuline, mens ord for store, tamme gras-etarar er feminine. For fuglar er det vanskeleg å finne klåre tendensar, men når det gjeld insektar og slangar er det ei klassifisering etter form: Ord for slangar og lange, tynne insekt er maskuline, mens edderkoppar og termittar er feminine. Tre, plantar og etande vekster er feminine, det same er plantedelar og frukt og ber.

Litteratur

  • Edenmyr, Niklas 2004: The semantics of Hadza gender assignment: a few notes from the field. Africa & Asia No 4, pp. 3-19.
  • Sands, Bonny E. (1998) 'The Linguistic Relationship between Hadza and Khoisan' In Schladt, Matthias (ed.) Language, Identity, and Conceptualization among the Khoisan (Quellen zur Khoisan-Forschung Vol. 15), Köln: Rüdiger Köppe, 265-283.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy