Kongo-Brazzaville
République du Congo
(norsk: Kongo-Brazzaville, brazzavillekongolesisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «La Congolaise» | ||||||
Motto | Unité, Travail, Progrès (Eining, arbeid, framsteg) | ||||||
Offisielle språk | Fransk (offisielt), kituba og lingala | ||||||
Hovudstad | Brazzaville | ||||||
Styresett |
Republikk Denis Sassou-Nguesso | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
342 000 km² (63.) 3,3 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
4 954 674 (123.) 14,5 /km² (176.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike 15. august 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 15. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
28 920 mill. USD (126.) 7 600 USD (125.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +242 | ||||||
Toppnivådomene | .cg
|
Republikken Kongo, også kjend som Kongo-Brazzaville eller berre Kongo, er eit land i Afrika, tidlegare ein fransk koloni. (Må ikkje forvekslast med nabolandet Den demokratiske republikken Kongo). Hovudstaden er Brazzaville.
Klima
Det meste av landet er eit lågtliggande platå mellom 200 m og 1000 m over havet, med ei kyststripe mot Atlanterhavet i vest. Den årlege nedbørsnormalen er mellom 1250 og 1750 mm dei fleste stader, og nedbøren er spreidd utover heile året. Minst nedbør har ein i sørleg område av landet og langs kysten. Perioden juni og september er den tørraste tida på året, då sola og den intertropiske konvergenssona er lengst mot nord. Ein har ein annan forholdsvis tørr, men kortare periode i januar medan konvergenssona er lengst sør.