Hopp til innhald

Amílcar Cabral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amílcar Cabral

Fødd12. september 1924
Bafatá
Død20. januar 1973 (48 år)
Statsborgar avPortugal
Yrkepolitikar, landbruksingeniør, ingeniør, skribent, agronom, statsvitar, lyrikar
Utdanna vedLisboas tekniske universitet
Institute for African Studies
BarnIva Cabral

Amílcar Lopes Cabral (12. september 192420. januar 1973) var ein agronom, skribent og geriljaleiar frå Guinea-Bissau. Han var med å stifta og leia Partido Africano da Independência da Guiné e Cabo Verde (PAIGC), som mellom anna dreiv væpna motstandkamp mot den portugisiske kolonimakta i portugisisk Guinea (Guinea-Bissau) og Kapp Verde. Cabral var ein av dei fremste tenkjarane innan afrikansk anti-kolonialisme på 1900-talet.[1][2]

Han knytte seinare nære personlege og politiske band med leiarane som oppretta frigjeringsrørsla MPLA i Angola. Cabral var øvste leiaren for den framgangsrike frigjeringskampen til PAIGC mot det portugisiske kolonistyret.[3]

Cabral gav ut ei rekkje skrifter som har fått stor betydning i utviklingsland, særleg om organisering av geriljakamp, sosialistisk teori og betydninga av nasjonal kultur i afrikanske land. Ein del av dei viktigaste publikasjonane er samla i Frigjøringskamp i teori og praksis (Oslo 1973).[3]

Cabral vart drepen under eit attentat i Conakry i det uavhengige nabolandet Guinea den 20. januar 1973.[2][3]

Broren hans, Luís de Almeida Cabral, var president i Guinea-Bissau frå 1974 til 1980.[3]

  1. «Amílcar Lopes Cabral» (på engelsk). Museu do Aljube Resistência e Liberdade. Henta 1. mars 2024. 
  2. 2,0 2,1 Peterson, C. «Amílcar Lopes Cabral» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 1. mars 2024. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Eriksen, Tore Linné: Amílcar Cabral i Store norske leksikon på snl.no. Henta 29. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Amílcar Cabral
  • «amílcar cabral» (på portugisisk). Comissão Comemorativa 50 Anos 25 de Abril – República Portuguese Cultura. 
  • «Amílcar Lopes Cabral» (på portugisisk). Partido Africano da Independência da Guiné e Cabo Verde. 
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy