Angelica Bengtsson
Angelica Bengtsson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 8. juli 1993 (31 år) Väckelsång |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2016, athletics at the 2010 Summer Youth Olympics – girls' pole vault, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Stavsprang damer, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Stavsprang kvinner |
Angelica Therese Bengtsson (fødd 8. juli 1993) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar som vann bronsemedaljen i stavhopp under EM i friidrett 2016.
Bengtsson sigra i stavhopp ved junior-verdsmeisterskapen 2010 i Moncton og i 2012 i Barcelona. Året i mellom dei to sigrane sette ho junior-verdsrekord med 4,63 meter. Frå og med 2014 var ho jamt med i kampen om medalje i dei store meisterskapane. Etter å ha vorte nummer 5 i Friidretts-EM 2014, sette ho svensk rekord med 4,70 m og kom på delt fjerdeplass under VM i friidrett 2015 i Beijing. Sommaren 2016 vart ho nummer 3 i EM-finalen i Amsterdam med årsbeste 4,65 m. Derimot lukkast ho ikkje kvalifisere seg til OL-finalen i Rio de Janeiro. Ho kom på tiandeplass i verdsmeisterskapen 2017 og sjetteplass i EM i friidrett 2018. Året 2019 var Bengtsson i sitt livs beste form. Ved eit innandørs-stemne i Clermont-Ferrand den 24. februar forbetra ho den svenske rekorden til 4,81 meter. Sju månader seinare gjekk ho over 4,80 m i VM-finalen i Doha, vart likevel ikkje betre enn nummer 6. I Tokyo-OL 2021 enda ho på 13. plass.
Bengtsson var svensk meister i stavhopp i 2012, 2014-16 og 2018-20.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Angelica BENGTSSON | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Angelica Bengtsson» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1993
- Svenske stavhopparar
- Svenske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Svenske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Svenske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020
- Deltakarar under VM i friidrett 2015
- Deltakarar under VM i friidrett 2017
- Deltakarar under VM i friidrett 2019