Bente Bakke
Utsjånad
Bente Bakke | |||
Fødd | 13. november 1942 (81 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre, Miljøpartiet Dei Grøne (2011) | ||
Yrke | politikar, journalist | ||
Alle verv |
|
Bente Bakke (fødd 13. november 1942 i Oslo) er ein norsk politikar. Ho vart innvald på Stortinget frå Østfold i 1985 for partiet Høgre. Bakke var før det kommunestyrerepresentant i Eidsberg i perioden 1975–1979. Ho var første vararepresentant i perioden 1981–1985, og møtte då fast for Svenn Thorkild Stray medan han sat i regjering som utanriksminister. Frå 1981 til 1989 var ho òg Høgre si miljøpolitiske talskvinne. Bakke melde i 2011 overgang til Miljøpartiet Dei Grøne, og vart i 2013 vald inn i sentralstyret til partiet.[1][2]
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 1981–1985 medlem i Forbrukar- og administrasjonskomitéen
- 1985–1989 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- På bakerste benk – observasjoner fra stortinget 1981-1989, Oslo 1990
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bente Bakke» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2015.
- ↑ «Høyre-veteran blir grønn». TV 2 Nyhetene/politisk.no. 7. november 2011. Henta 7. november 2011.
- ↑ «Høyre er gjennomsyret av grådighet». DN.no. 3. mai 2013. Henta 5. mai 2013.