Camilla Carstens
Utsjånad
Camilla Carstens | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. februar 1977 (47 år) Noreg |
Yrke | handballspelar |
Camilla Carstens (fødd 6. februar 1977) er ein norsk tidlegare handballspelar som vart europameister i 1998. Ho spelte 13 landskampar og skåra 12 mål i tida 1998-2000.
Carstens spelte på Fjellhammer IL før ho melde overgang til franske Metz. Sidan var ho aktiv på danske lag, fyrst Ikast i tida 1998-2001 og sidan på Kolding IF, heile tida som rykkrom-spelar.
Carstens debuterte på landslaget i oktober 1998. Ho var med i den norske troppen som vann handball-EM 1998, utan å få mykje speletid i meisterskapen. To år seinare deltok ho også for Noreg i handball-EM i Romania, men vart som i 1998 sitjande mykje på innbytarbenken.