Diskusjon:Landskap
mai 2005
[endre wikiteksten]Treng me eigentleg desse listene når me har kategoriar som Kategori:Norske landskap? Det er vel mykje lettare å halda kategoriane oppdaterte? --GauteHK 8. mai 2005
- Eg trur listene er bra å ha i artiklar om emna dei gjeld. Kategorisystemet er først og fremst meint å vera eit navigeringsnettverk. Om nokon søkjer på landskap, så vil dei få opp sida Landskap heller enn sida Kategori:Landskap. Men det er sjølvsagt best om sidene får litt meir innhald òg, slik at dei ikkje berre blir «tomme» lister... :) Olve 8. mai 2005 kl. 1903 (UTC)
- Ja, du har absolutt eit poeng der. Men mitt syn er no at dette tyder at vi lyt gjera ein betre jobb med sjølve artiklane... :] Kategoriane skal ikkje vera ei unnskyldning for å vera slapp med artikkelinnhaldet! Olve 8. mai 2005 kl. 1921 (UTC)
- «Artikkelinnhaldet» det er snakk om er jo berre lister som (ideelt sett) er identiske med dei tilsvarande kategoriane. Om me sløyfar listene og viser til kategoriane i staden, får me lister med betre kvalitet for mindre arbeid. Eg ser ikkje heilt fordelen med å ha lister i sjølve artikkelteksten, dersom det då ikkje er lister med meir informasjon enn berre reine lenkjer (t.d. Verdas land etter folketal). --GauteHK 8. mai 2005 kl. 1944 (UTC)
- Dét er eg sjølvsagt heilt einig i. Men eg trur vi bør gjera listene meir innhaldsrike (meir geografisk inndeling, kortfatta historie og/eller statistikk o.a.) heller enn å fjerne innhald frå artiklane. -- Olve 8. mai 2005 kl. 1959 (UTC)
I alle tilfelle bør i alle fall listene stå fram til alle lenkjene er blitt blåe. Når kategorien og lista verkeleg er identiske kan me ta opp diskusjonen igjen, men nå er det viktig å kunna sjå kva som manglar. -- Ranveig 8. mai 2005 kl. 2058 (UTC)
Ufullstendig definisjon
[endre wikiteksten]Denne geografisentrert definisjonen av landskap i artikkelen her passar ikkje med all norsk språktradisjon. Nynorskordboka sin definisjon derimot passar: avgrensa område som med omsyn til natur, planteliv o l utgjer ein einskap. Landskap vert òg bruka i overført tyding t.d. politisk landskap. (Kjelde: Eksempla i Norsk Ordbok ) Fjerde punktet i ordlista, landskap i tydinga geografisk område eller administrativt politisk område, har sterkare tradisjon i nabolanda Sverige og Danmark enn i Noreg. Landsskap er noko ein opplever og sansar, konkret og i overført tyding, ikkje noko ein definerer politisk, meiner eg. Roarjo 09:31, 14 januar 2007 (CET)
- M.a.o. så er ikkje (dei tidl. fylka) Østfold eller Finnmark "landskap", kan ein seie. Sju hav (diskusjon) 2. mai 2020 kl. 17:03 (CEST)