Hopp til innhald

Egil Østenstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Østenstad
Personleg informasjon
Fullt namn Egil Johan Østenstad
Fødselsdato 2. januar 1972 (52 år)
Fødestad Haugesund
Høgd 1,83m[1]
Posisjon Angrep
Ungdomsklubbar
Torvastad IL
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1990–1996 Viking FK 128 (54)
1996–1999 Southampton 96 (29)
1999–2003 Blackburn Rovers 62 (12)
2001Manchester City (lån) 4 (0)
2003–2004 Rangers 11 (0)
2004–2005 Viking FK 33 (16)
Totalt 334 (111)
Landslag
1993–2005 Noreg 18 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Egil Johan Østenstad (fødd 2. januar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Torvastad. Han var aktiv to periodar i Viking FK og deltok i 18 landskampar. Perioden 1996-2003 tenestegjorde han i engelsk klubbfotball. Østenstad var midtspiss.

Østenstad melde overgang frå fjerdedivisjonslaget Torvastad til Viking i 1990. Året etter fekk han ein del speletid på Viking-laget som vart seriemeister 1991, utan å få nok kampar til medalje. Gjennombrotet kom i 1993 då vart han lagets toppskårar med 10 seriemål. 1996-sesongen skåra Østenstad heile 23 mål i eliteserien, einast Rosenborgs Harald Brattbakk skåra fleire.

Hausten 1996 fekk Østenstad kontrakt med Southampton FC. Etter ein fin fyrste sesong fekk han noko mindre speletid etter byte av sjefstrenar. I slutten av august 1999 vart han overført til nivå 2-laget Blackburn Rovers. Også i Blackburn hadde han ein bra fyrste sesong, sidan vart det mykje benkesliting fram til 2003. Etter ein svak 2003/04-sesong i skotske Rangers FC reiste Østenstad tilbake til Stavanger og Viking FK. Han ytte mykje til at laget berga eliteserieplassen i 2004, men la opp ved sesongslutt i 2005.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Østenstad landslagsdebuterte borte mot Færøyane i august 1993. Han skåra to av måla då Noreg vann 7-0. I sin andre landskamp, borte mot Nord-Irland i Belfast 27. mars 1996, fastsette han sluttresultatet til 2-0. Også då Noreg vann med 4-2 over Brasil i ein vennskapskamp 30. mai 1997, skåra Østenstad det siste målet i kampen. Han var med i den norske troppa til Fotball-VM 1998, der var han innbytar i kampen mot Skottland som enda 1-1. 7. september 2005 overraska landslagssjef Åge Hareide å starte VM-kvalifiseringskampen mot Skottland med Østenstad som midtspiss. Dermed fekk Østenstad sin 18. landskamp, over seks år etter den førre. Ikkje i ein einaste av dei 18 kampane spelte han i 90 minuttar. Totalt skåra han 6 mål for Noregs landslag.

  1. Chalk, Gary; Holley, Duncan; Bull, David (2013). All the Saints: A Complete Players' Who's Who of Southampton FC. Southampton: Hagiology Publishing. s. 421. ISBN 978-0-9926-8640-6. 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy