Folketinget
Utsjånad
Folketinget | |||
| |||
Leiarskap | |||
---|---|---|---|
Folketingets formand | |||
Struktur | |||
Møtestad | |||
Folketinget er den lovgjevande forsamlinga i Danmark og har sete på Christiansborg i København.
Frå 1849 til 1953 var Folketinget delt i to avdelingar, Rigsdagen og Landstinget, ved handsaming av lovsaker. Lovsakene blir no handsama av eit samla Folketing.
Med utgangspunkt i grunnlova har Folketinget lovgjevande makt saman med den regjerande monarken. Rolla til monarken er i praksis å skrive under på dei lovar Folketinget har vedteke.
Folketinget har 179 medlemmar vald for maksimalt fire år. Av desse er to vald på Færøyane og to på Grønland.