Freden i København
Utsjånad
Freden i Køpenhavn, Københavnsfreden, er ei nemning på ei fredsavtale mellom Sverige og Danmark-Noreg, inngått i København den 27. mai 1660. Etter freden i Roskilde av 26. februar 1658 braut det ut krig att i juni 1658. Freden i København stadfeste fredsavtala frå 1658 med unntak av at Sverige måtte gje frå seg att Trondhjems len og Bornholm. Sverige aksepterte òg framande krigsfartøy i Austersjøen.