Geir Lippestad
Geir Lippestad | |||
| |||
Fødd | 7. juni 1964 (60 år) Hønefoss | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet (september 2020), Partiet Sentrum (september 2020) | ||
Yrke | advokat, politikar | ||
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo |
Geir Lippestad (fødd 7. juni 1964 i Hønefoss) er ein norsk politikar frå Oslo. Lippestad er partileiar for Partiet Sentrum,[1] og arbeider elles som advokat i Advokatfirmaet Lippestad AS i Oslo,[2] og dessutan partnar i dette firmaet saman med advokat Vibeke Hein Bæra.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Advokat
[endre | endre wikiteksten]Lippestad er kjend for å ha vore forsvarar for dei tiltalte i to særs alvorlege drapssaker. Han tok på seg forsvaret av den eine av dei tre tiltalte for det såkalla Holmlia-drapet i Oslo, som vart dømd til 17 år i fengsel i 2002, og for den tiltalte for terroråtaka på Utøya og i Oslo 22. juli 2011, som vart dømd i 2012 til 21 års forvaring med minstetid 10 år. I den siste saka vart Lippestad assistert av advokat Vibeke Hein Bæra og to andre advokatar frå Advokatfirmaet Lippestad AS som medforsvararar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «SENTRALSTYRET». Partiet Sentrum. Henta 14. september 2023.
- ↑ «Geir Lippestad» (på norsk bokmål). Advokatfirmaet Lippestad. Henta 14. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Geir Lippestad ved The Internet Movie Database (IMDb)